Unntatt håndheving

MeToo-kampanjen pågår med uforminska styrke. Tusenvis har delt sine erfaringar. I bransje etter bransje samlar kvinner seg til felles front mot seksuell trakassering. Omtrent alle landets medie skriv om seksuell trakassering dagleg. Nils Rune Langeland får sparken frå Universitet i Stavanger og TV2-sjefar er i søkelyset.

Regjeringsmedlem og fiskeriminister Per Sandberg har vore på banen i saka og har eit tiltak å koma med: Ørefik. Kvinner bør gje menn som trakasserer ein ørefik. Det vil vera preventivt og det vil vera førebyggande og det vil få sjefen til å skjerpa seg, meiner Per Sandberg. Eg syns det er vanskeleg å ta ministeren seriøst, men det syns openbart ikkje NRK: I dag tidleg fekk Sandberg diskutera øyrefik som verkemiddel med Hadia Tadjik på riksdekkande radio i beste sendetid. Det må vera tidenes politiske lavmål.

Toppolitikarar burde heller ta tak i den skandaløse mangelen på rettstryggleik når det gjeld seksuell trakassering. Seksuell trakassering er forbode, jamfør Likestillings- og diskrimineringslova § 13. Men oppsiktsvekkande nok er dette forbodet “unntatt håndheving”. Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) handhever alle dei andre paragrafane i lova, men ikkje denne.

Dei som blir utsette for seksuell trakassering kan altså ikkje klaga til LDO. I staden må ein sjølv bera den økonomiske risikoen det er å ta saka til retten. Sjansen for å vinna er liten, og risikoen for å måtta betala saksomkostningane er stor. Ikkje rart at berre seks saker er ført for retten mellom 2002 og 2013.

Hadia Tadjik, som på radioen i dag tidleg så eplekjekt etterlyste at Per Sandberg skulle ta politisk ansvar og koma med politiske løysingar, satt sjølv i ei regjering som gjorde absolutt ingenting for å styrka rettsvernet mot seksuell trakassering. Den raudgrøne regjeringa hadde fått overlevert ei utgreiing frå Likestillingsutvalet, som føreslo følgjande:

  • LDO må få mandat til å handheva forbodet mot seksuell trakassering
  • 30 millionar i året til programsatsing for for å førebygga og nedkjempa seksuell trakassering i skulen.
  • Trepartsavtale for likestilling i arbeidslivet kor ein mellom anna skal førebyggja diskriminering, trakassering og seksuell trakassering i arbeidslivet

Den raudgrøne regjeringa, der mellom anna Hadia Tadjik, Inga Marte Thorkildsen og Anniken Huitfelt var høvevis kulturminister, likestillingsminister og arbeidsminister la alle desse likestillingspolitiske tiltaka i skuffa. Det same gjorde Erna Solberg, Solveig Horne og co då dei tok over styringa av landet.

Det er vel knappast ein politikar som i desse dagar tør seia rett ut at dei vil at forbodet mot seksuell trakassering skal vera “unntatt håndheving”. Men der er openbart ingen som har tenkt å endra på denne skandaløse rettssituasjonen. Derfor tåkelegg dei heile debatten med å diskutera gråsoner, haldningar og øyrefikar.

Klar melding til Tadjik og Sandberg: Punkt 1 på lista over politiske tiltak må vera at forbodet mot seksuell trakassering blir handheva.

Les også:

Illustrasjonsbilde: Domestic Violence av Pietro Naj-Olean.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content