List

68 prosent av kvinnene og 73 prosent av mennene i Noreg er ein del av arbeidsstyrken. Det betyr at så godt som halve arbeidsstyrken i Noreg er kvinner (47 %). Dette er høgt i internasjonal samanheng; når det gjeld deltaking på arbeidsmarknaden er Noreg nummer 13 på lista, jamfør Global Gender Gap. At kvinner deltek i arbeidslivet på likefot med menn løner seg for samfunnet. Auka i kvinners sysselsetting frå 1972 og fram til i dag betyr ei auke i Noregs brutto nasjonalprodukt på 3,3 billionar.

Lågare timeløn

Men kvinner får mindre uttelling for sitt bidrag til fellesskapet enn det menn gjer: Kvinner si gjennomsnittlege timeløn utgjer 88 prosent av menn si.

Skilnaden er endå større når ein samanliknar menn og kvinner som har barn: Mødrer har ei timeløn på 83 prosent av fedrar si løn. Kjønnsskilnadene er dessutan større jo høgare opp i stillingshierarkiet ein kjem. Medan låglønte kvinner tener 6 prosent mindre enn låglønte menn, tener høglønte kvinner heile 20 prosent mindre enn høgtlønte menn.

Kjønnsdelt arbeidsmarknad

Ein del av forklaringa på dei store lønnsforskjellane mellom menn og kvinner er at menn flest arbeider i yrker som er betre betalt. Den norske arbeidsmarknaden er nemleg svært kjønnsdelt. Kvinner dominerer inannfor helse, sosialt arbeid, undervisning og tenesteyting. Innan helse, pleie- og omsorgstjenester er 81,5 prosent av alle tilsette kvinner. I næringar som bygg og anlegg, olje, jordbruk og industri jobbar det neste berre menn. Faktisk er det berre 15 % av oss som arbeider i kjønnsbalanserte yrker (minst 40 prosent av kvart kjønn). I offentleg sektor er kvinner overrepresentert med godt over 60 prosent av dei tilsette, og her har faktisk kvinnedominansen auka sidan slutten av 90-talet og fram til i dag.

Stillstand?

Hovudbildet er at kjønnssegregeringa i det norske arbeidslivet har holdt seg nokså konstant i løp av dei siste 20 åra.  Men der er også tendensar til endring. Kvinner utdanner seg i større grad til mannsdominerte jobbar som gjev høgare lønn og status. Men på den andre sida er det lita endring blant mennene fordi få gutar utdannar seg til kvinnedominerte yrke innanfor til dømes helse- og omsorg. Menn med innvandrarbakgrunn derimot, vel mindre kjønnstradisjonelt enn dei med majoritetsbakgrunn. Stadig fleire menn med innvandrarbakgrunn arbeider i kvinnedominerte yrke som reingjering og pleie og omsorg. Dei yngre vel dessutan mindre kjønnstradisjonelt enn dei eldre, men kjønnsdelinga aukar igjen ved 35-40 års alder.

Fleire menn til helse og -omsorgsyrke

Dersom utdanningsval og arbeidsmarknaden skal bli mindre kjønnssegregert, må unge gutar og menn i større grad velja utradisjonelt. Framskrivingar tyder på at det i framtida vil bli færre jobbar innanfor tradisjonelt mannsdominerte arbeidarklasseyrker slik som industri og handtverk. Innanfor den kvinnedominerte pleie- og omsorgsektoren derimot, vil det bli behov for stadig fleire hender i framtida. Å gjera noko med kjønnssegregeringa i arbeidsmarknaden kan bli heilt avgjerande for å sørgja for at folk har ein jobb å gå til og at der er nok folk til å gjera viktige pleie- og omsorgsoppgåver.

I Rogland har prosjektet “Menn i helse” – som tilbyr omskulering og fagbrev i helse- og omsorg – slått godt an etter oljekrisa. Mange menn ønskjer seg ein trygg og meiningsfylt jobb i omsorgssektoren heller en å risikera konjuktursvigningar og arbeidsløysa i ei “fossil” bransje.

Illustrasjonsbilde: Likelønn nå – sykepleier av Oslonatt, CC BY-SA 2.0

Kjelder:

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]