AP ser til Danmark

Arbeiderpartiets migrasjonsutval, med Masud Gharahkhani i spissen, skal på studietur til Danmark, mellom anna, for å la seg inspirera til ny og endå strengare innvandringspolitikk. Politik melder 4. februar at danske sosialdemokratar vil avskaffa moglegheita til å søkja asyl i Danmark.

Danmark har lenge vore berømt og berykta for ei rekke reguleringar som gjer det svært vanskeleg å få familieinnvandring. 24-års aldersgrense, bankgaranti på over 50.000 kroner og det såkalla “tilknytingskravet” er blant vilkåra som fører til at mange barn blir skilt frå foreldra og at mange unge par lever i eksil i Sverige.

I januar meldte Avisen DK at den danske regjeringa vil fjerna det omstridte tilknytingskravet. “Tilknytingskravet” seier at ekteparet må ha sterkare samla tilknyting til Danmark enn til eit anna land. Dette blir vurdert etter 7 punkt:

  1. Kor lenge ektefellene har budd i Danmark til saman
  2. Om ein har familie i Danmark
  3. Om ein har mindreårige barn i Danmark
  4. Om du har gått på skule i Danmark
  5. Kor lenge du har jobba i Danmark
  6. Om du snakkar dansk
  7. Tilknyting til andre land

Denne lista har ført til at mange etnisk danske statsborgarar som har budd ein periode i utlandet, ikkje har sjans til å få ektefellen sin til Danmark. Derfor vil regjeringa endra reglane. Dei ønskjer at etnisk danske borgarar skal sleppa problema med tilknytingskravet, medan det skal bli endå vanskelegare for andre grupper.

Her er dei nye krava.  (flyktningar unntatt):

  1. Den som søkjer familieinnvandring må
    1. Kunna engelsk på eit visst nivå eller bestå prøve i Dansk 1
    2. Ha jobba eller vore sjølvstendig næringsdrivande 3 av dei siste 5 åra
    3. Ha tatt utdanning i minst ett år på eit nivå som tilsvarer dansk vidaregåande
  2. Personen ein søkjer familieinnvandring med må
    1. Ha bestått danskprøve på nivå 3
    2. Ha jobba minst 5 år i Danmark
    3. Ha studert minst 5 år i Danmark
  3. Det skal ikkje vera mogleg å få familieinnvandring for den som bur i eit såkalla utsatt buområde kor det bur mange menneske som ikkje er i arbeid.

Kort fortald. Dei som giftar seg med ein utanlandsk borgar må ha utdanning, jobb og ikkje bu i nærleiken av fattigfolk utan arbeid, og dessutan vera gift med ein person med utdanning, arbeidserfaring og språkkompetanse. Elles kan dei berre gløyma å få bu i lag i Danmark.

Illustrasjonsbilde: Masud Gharahkhani, Buskerud Arbeiderpartiet, CC BY-ND 2.0.

Leave a comment

Your email address will not be published.