Velferdsmigrasjon

Skal innvandrarar ha dei same sosiale rettane som statsborgarar? Spørsmålet blir diskutert blant politikarar og folk flest i heile Europa. I eit nederlandsk forskningsprosjekt har ein spurd innvandrarar sjølv om kva dei meiner om saka. 

Europeiske politikarar uroar seg over at velferdsordningar tiltrekker seg innvandrar frå fattigare land. Danmark er eit av landa som derfor har innført lågare sosialhjelpsatsar for personar som har kort butid i Noreg. Medan nokon meiner slike ordningar er naudsynt for å berga velferdsstaten, omtaler andre dette som “velferdssjåvinisme”.

Då forskarane i dette prosjektet snakka med innvandrarane sjølv, fann dei ut at polske og tyrkiske arbeidsinnvandrarar var overraskande lite interesserte i velferdsstaten. Dei har aldri oppfatta at den nederlandske velferdsstaten er for dei, og er meir opptekne av å få ein fast fulltidsjobb.

Indiske arbeidsinnvandrarar er oppvaksne i eit land utan velferdsstat, der alle må ta vare på seg og sine. Dei meiner at velferdsstaten er for generøs. I alle fall før dei har budd i Nederland ei stund og blitt vane med systemet.

Innvandrarar frå andre land i Vest-Europa derimot, er veldig opptekne av velferdsstaten og generøse velferdsordningar. For denne gruppa er gode velferdsordningar ein grunn til å innvandra og ein grunn til å bli.

Funna tyder altså på at generøse velferdsordningar tiltrekker seg høgt utdanna innvandrarar frå Vest-Europa. Ikkje arbeidsinnvandrarar frå fattigare land, slik politikarane trur.

Dei fleste innvandrarane i undersøkinga meinte dessutan at innvandrarar ikkje bør få fulle sosiale rettar med ein gong dei kjem. Snarare meinte dei fleste at sosiale rettar er noko ein gjer seg fortent til ved å arbeida og betala skatt.

Samtidig var innvandrarane i undersøkinga også opptekne av at ein bør få dei same rettane som alle andre etter rimeleg tid. Ingen ønskjer å vera innvandrarar for alltid.

Dette innlegget er basert på eit blogginnlegg frå Oxford Journals.

Illustrasjonsbilde: nav.no

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content