En av oss

Eg går rundt å venter. På signal frå kroppen – som eg vonleg vil kjenna igjen og forstå når dei kjem – om at fødselen går i gang. Å gå ut i permisjon intensiverer kjensla av å venta. Der er plutseleg eit hav av tid til berre å venta. Medan eg venter les eg bøker.

Ei av bøkene eg nett las er “En av oss” av Åsne Seierstad. All merksemda kring “To søstre”, og boktips frå min trufaste favorittipsar Hege Skjeie, fekk meg til å gå laus på Seierstad si fortelling om Anders Behring Breivik og massedrapa den 22. juli 2011.

Ikkje akkurat definisjonen på lettvint julelektyre eller feel good for høggravide, innvendte nokon. Men eg vil gjerne lesa viktige bøker om viktige ting – som livet, døden og verda me lever i.

Boka opnar med ei deskriptiv, presis og detaljert skildring av ungdommar som prøver å sleppa unna, men som blir brutalt henretta på Utøya. Seierstad skildrar kor i kroppen kulene trefte. Om dei døydde momentant eller ikkje. Kortfatta som ein rettsmedisinsk protokoll.

Vidare i boka fortel ho oss livshistoria til nokre av desse ungdommane og deira familie. Mellom anna historia til Simon frå Troms og to søstre frå Irak som har vakse opp på Nesodden. “I will tell your story if you die. I will tell your story, keep you alive the best I can”, som Laleh sang på minnekonserten 22. juli 2012.

I boka fortel ho også historia til Anders Behring Breivik. Det er rart å bli kjent med det lille barnet Anders, vel vitande om at han skal veksa opp å bli ein massedrapsmann. Historia om denne guten er ei historie om omsorgssvikt – om ein far som svik og om ei mor som ikkje gjev barnet det han treng. Det er ei historie om å bli avvist. Først av dei næraste, men seinare gong på gong opp gjennom livet.

På ein måte blir historia ei slags forklaring. Men samtidig forklarer ho ingenting av det eg lurer på. Kvifor gjorde han dette? Korleis kunne han gjennomføra så grusomme handlingar mot andre menneske? Omsorgssvikt og avvising er dessverre så alt for vanlege erfaringar. Å rota seg inn i ekstrem antiislamisme på internett er dessverre også så alt for vanleg i vår tid. Handlingane til Breivik forblir uforståelege for meg.

Spenninga og ubehaget ved å lesa bygg seg opp ettersom datoen 22. juli nærmer seg i fortellinga. Etter å ha lese heile historia om den skjebnesvangre dagen, om dei som døyr, om familiane som leiter desperat etter barna sine, om foreldre og søsken som får vita at akkurat deira barn er drepne sit eg der i sofane i mørketida, heilt oppløyst i tårer.

Der er ingenting anna å gjera enn å grina. Dette er ikkje usannsynleg fiksjon. Boka handlar om menneske som har levd, men som no er døde. Foreldra har mista barna sine og må for alltid leva med den sorga. Den kjensla eg blir sittande igjen med – og som eg tenkjer mykje på i dagane etter – er kva ein risikerer ved å setta barn til verda. Dei kan døy. Ein kan risikera å bli ein forelder som mistar barnet sitt.

Sommaren 2011 brukte eg mykje krefter på mine eigne personlege utfordringar og kjensler. I ettertid kjentes det ut som om eg ikkje for alvor fekk teke dei grusomme hendingane inn over meg. Det kjennest meiningsfyllt å gå inn i denne svarte dagen i norsk historie, gjennom Åsne Seierstad si fortelling om nokon av dei menneska som døydde unge.

I desse dagar er namnet Anders Behring Breivik nok ein gong å høyra på radioen kvar morgon. Det handlar om soningstilhøva, isolasjon og dommen mot staten. Eg høyrer ikkje heilt etter, men tenkjer på skildringane av rettssaka i “En av oss”. Breivik viste inga medkjensle, eller kjensle i det heile, når drap etter drap, traume etter traume vart skildra i rettssalen. Men når han vart erklært utilrekneleg reagerte han med sterke kjensler mot det han såg på som eit karakterdrap og ei audmjuking av han sjølv.

Eg tenkjer på mora og faren som sette den lille guten Anders til verda, og som nokre tiår seinare såg sonen sin bli dømd for eit nøye planlagd massedrap på 77 personar. Eg tenkjer på foreldra, broren og systra til dei to unge frå Troms og Nesodden. Og alle dei andre som må leva kvar ein dag med tapet.

Eg tenkjer på denne tida me lever i, kor dei politiske meiningane og den systematiske dehumaniseringa av andre som motiverte Breivik til å drepa 77 menneske, ser ut til å bli meir og meir utbreidde. Vil nokon fortelja historia til alle dei – unge og gamle – som døyr i Middelhavet og frys i hel i flyktningeleirar rundt om i Europa?

Illustrasjonsbilde: Reading, av Sam Greenhalgh, CC BY 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content