Ringevinduet

I andre etasje i gammelstua her i Sjåvika er der eit vindu kor der er telefondekning. I alle fall i øverste venstre hjørne, så der har eg teipa opp ein rømmeboks. Med telefonen i boksen og headsettet plugga i, så kan eg få kontakt med omverda. 

I huset elles er der stort sett ikkje dekning. Så dersom du ringer meg og får høyra den gode gamle beskjeden om at “det oppnås ikke kontakt med mobilabonnenten” så betyr det etter alt å døma at eg er heime.

Dersom eg hugser å setta telefonen frå meg i stovevinduet, får eg inn meldingar. Så lenge telefonen står her er det også mogleg å senda melding ut. Ein kan også slumpa til å få inn eit anrop. Sjølv om der ikkje er dekning nok til å snakka dersom eg tek telefonen, så veit ein jo i alle fall kven som ringte.

Det er mange fordelar med dette opplegget. For det første er eg lite plaga med at gud og kvar mann ringer på ettermiddagstid. Det er stort sett stille og fredeleg på telefonfronten med mindre eg aktivt oppsøkjer ein ringesituasjon. Anten ved å ta turen til ringevinduet på loftet, eller ved å gå meg ein tur på Abornes og snakka i telefonen på vegen.

På vegen like nedom huset er det nemleg bra med dekning. Eg er glad i å prata i telefonen med dei gode folka mina, og har gått time på time rundt neset og skravla denne hausten.

Den einaste ulempen med tur-løysinga er at vind og uvêr legg visse begresningar på kva tid det går an å snakka i telefonen ute. Og når det stormer på som verst, så blæs faktisk dekninga vekk også frå det elles så stabile ringevinudet på loftet. Eg krysser derfor fingrane for at vêret ikkje er så alt for gale den dagen fødselen setter i gang og eg treng å snakka med legevakt/jordmor/Marius på telefonen…

Foto: Marius Skaiaa.

2 thoughts on “Ringevinduet”

  1. Eva Bakkeslett

    Et fantastisk bilde med mange mulige tolkninger. Jeg lurer for eksempel på om de mobillignende trepinnene er en del av denne low tech løsningen:)

  2. Trepinnar som imiterer analogt antennesignal. Kva syns du om den tolkinga? 🙂 Det er kunst frå huseigaren, men eg er meir interessert i ei kreativ kunstnerisk tolking av bildet enn for mykje fakta på bordet…

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content