List

”Betre død enn homofil?” er tittelen Arnfinn Nordbø si bok om korleis det er å vera kristen og homo. Tone Hellesund har skrive boka ”Identitet på liv og død” om skeive som har ønskt å ta livet sitt på grunn si seksuelle orientering. Massedrapet på 49 skeive på nattklubben Pulse i Orlando gjev ei ny og grufull meining til desse boktitlane.

Massedrapsmannen kjente god til nattklubben Pulse, og angrepet var planlagt. Det var ikkje eit vilkårleg angrep på tilfeldig forbipasserande menneske. Desse 49 menneska vart drepne på grunn av sin seksuelle orientering og kjønnsidentitet – fordi dei søkte til og kjente seg heime i eit skeiv miljø. Dei fleste var svarte. Det let ikkje vera tvil om at dette var eit homofobisk, transfobisk og rasisitisk angrep.

Masseskytinga på Pulse er utan sidestykke i amerikansk historie. Men homofobien og transfobien – avskyen, forakta og hatet mot dei av oss som lever skeivt – er langt meir vanleg.

Media melder at drapsmannen, i følgje sin far, har uttrykt sterkt negative haldningar til at to menn kysser på offentleg stad. Slike haldningar var han ikkje åleine om å ha: I ei representativ haldningsundersøking frå 2013, uttrykker eit fleirtal av norske menn (62 %) og kvinner (55 %) motstand mot at to menn kysser på offentleg stad.

I den same undersøkinga går det fram at:

  • 16 % av norske menn hadde flytta seg lengre unna ein homofil mann
  • 50 % har fortald vitsar om homofile
  • 1 % stadfestar å ha slått eller dytta ein homofil mann
  • kvinner uttrykker langt mindre negative haldningar, men også 18 % av kvinnene oppgjev å ha fortald vitsar om homofile menn

Eit ikkje ubetydeleg mindretal av norske menn uttrykker også sterkt negative haldningar til transpersonar. 8 % stadfestar at dei syns det ville vore ”ubehagelig å sitte ved siden av en person som visste hadde mottatt kjønnsbekreftende medisinsk behandling». 19% stadfestar at «når jeg tenker på transpersoner, grøsser jeg». Og hat mot transpersonar er ikkje ein gong omfatta av straffebodet mot hatefulle ytringar.

Negative haldningar får konsekvensar. Der er få norske undersøkingar, men internasjonal forsking viser at:

  • 2 av 3 transpersonar har opplevd trakassering frå framande
  • 1 av 4 har blitt trakassert i familien
  • 80 % har vore utsette for vald i familien
  • 50 % fortel dei har mista kontakt med familien
  • 1 av 3 har familiemedlemmar som ikkje lengre vil snakka med dei etter at dei kom ut som trans
  • 70 % har prøvd å ta sitt eige liv
  • Meir enn 2000 transpersonar er registrert drepne verda over dei siste 8 åra

Men på den andre sida: Dei aller fleste skeive i Noreg lever gode liv. Dei fleste har god psykisk helse, gode sosiale nettverk og har aldri opplevd vald og diskriminering. Generelt er likskapen større ein skilnadene mellom heterofile menn og kvinner på den eine sida og homofile, lesbiske og bifile menn og kvinner på den andre sida, viser levekårsundersøkingar. Dei fleste norske menn og kvinner uttrykker dessutan positive haldningar til skeive.

Men dei av oss som lever skeivt – og kanskje i særleg grad transpersonar – er likevel meir utsette for psykiske helseplager, trakassering, rusproblem og sjølvmordsforsøk. Dette heng saman med homofobien, diskrimineringa og heteronormativiteten ein møter i offentlegheita, på skulen, i helsevesenet og i arbeidslivet.

Der er framleis ein jobb å gjera – ein kamp å kjempa – før alle menneske har dei same moglegheitene til å delta, vera seg sjølv og vera trygg alle stader i samfunnet, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Den kampen må me alle ta del i. “Vi kan ikke la hatet vinne”, som Karen Golmen skreiv på Maddam denne veka.

Eg er skeiv.

Illustrasjonsbilde: Lesbian & Gay Pride (045) – 26JUN10, Paris (France), CC BY-NC-ND 2.0

Innlegget vart først publisert på Maddam.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  Posts

November 30th, 2021

Brøyting og berekraftsbullshit

Gang- og sykkelbrua over riksvegen på Mørkved blir konsekvent ikkje brøyta. På ein dag som måndag – med eit solid […]

November 9th, 2021

Opprykk eller nedtrykt?

Vekene etter sommarferien har eg jobba med søknad om opprykk til forskar 1. I oppdragsbransjen har me vår eigen versjon […]

September 24th, 2021

Tematisk analyse i praksis

Då eg tok doktorgrad for ti års tid sidan hugsar eg at eg syns det var veldig kjekt med datainnsamling. […]

September 6th, 2021

Ripskaka til Lindis

I går var heile familien ute på sopptur. (Ja, du las rett. Det var sopp og ikkje rips som var […]

September 1st, 2021

Collective qualitative analysis

As a PhD-candidate, I remember feeling overwhelmed, baffeled and alone – almost in panic – the day I had finished […]

August 24th, 2021

Levekår blant skeive

Hvordan er levekårene til skeive i Norge i dag sammenliknet med levekårene til heterofile og cispersoner? Dette spørsmålet finner du […]

August 19th, 2021

Fjorden, fjellet og folka – om å bli gamal i Steigen og Tana

I august, for eit par år sidan, vandra eg opp ei fjellside i Beiarn med ei tilitersbøtte i handa. Sola […]

June 9th, 2021

På jobb kan eg gå på do åleine

I dag er første dag på jobb etter foreldrepermisjon. Ungen byrja i barnehagen i dag, og eg sit framføre datamaskinen […]

February 24th, 2021

Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det […]

February 16th, 2021

Prima permisjon!

No nærmar det seg eit år sidan eg gjekk ut i permisjon og Noreg like etter stengde heilt ned på […]