Me padlar heim

Kor mange andre stader kan du dra på padleekspedisjon i urørt og ukjend farvatn, og like vel vera berre ein padletur heimefrå? Steigen altså – eg seier det berre!

Marius og eg har lenge hatt lyst til å padla frå Laukvik via Brennsund og heim til Skjelstad. Denne helga var det meldt strålande på laurdag, og i alle fall ikkje alt for mykje vind. Dermed pakka me pakkposar i kajakkane og køyrde dei 40 minuttane det tek til startpunktet.

padle 1

Laukvika – heilt ytterst på Foldstranda – er ein aldeles nydeleg stad! Dersom ein ikkje padlar er der også ein flott fottur å gå til Brennsund.

padle 2

Marius står og gjer klar den nye grønlandsåra si. Forventningane var høge – og dei vart ikkje gjort til skamme! Med motvind og motstraum heil til Brennsund, trur eg nesten ikkje me skulle kome oss fram utan grønlandsåra. Det er nemleg mykje mindre vindmotstand i denne åra enn dei vanlege.

padle 3

Fabelaktig utsikt mot Landegode, Kjerringøy og Sjunkhatten. Det er også spennande område som skal utforskast ved neste høve!

padle 4

På heile strekket frå Laukvik til Brennsund er der ingenting anna enn urørt natur, hav og fjelltoppar på begge kantar. (I alle fall dersom ein ser vekk frå straumledninga som er strekt ut til Brennsund).

padle 5

I det me rundar Brennsund får me verkeleg kjenna på motvinden. Og slik held det fram rundt heile sundet fram til me gjer strandhogg i Lottvika. Her har det visst ein gong i tida budd nokon, og der er framleis ei stor gresslette over den kvite korallstranda. Her er der til og med rennande vatn i form av ein klukkande bekk!

padle 7

På menyen stod Steigenlam a la middelhavet: Steikt mørbrad av lam, feta, oliven, tsatsiki og økologiske tomater. Det heile supplert med Strandarve-salat – som ein finn viltveksande på stranda.

padle 9

Søndagens padleetappe går langs denne fjellrekka, før me kryssa fjorden (mot venstre) og over til skjærgården utføre Helnessund.

padle 11

Den kjedelege biten av turen er å køyra for å henta bilen igjen. Men for å seia det sånn – det var vel verd det!

padle 10

4 thoughts on “Me padlar heim”

  1. TORE ANDERSEN

    Har du vært å padla i skjærgården utenfor Engeløya? Hvis ikke,så har du noe å se fram til. God tur!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content