List

«Når skaren ber ein mann på Sankt Hans, då blir det ein sein vår», er det eit gamalt uttrykk som heiter. Fullt så kalt og vinterleg er der ikkje i Sjåvika, sjølv om det streifa ei haglbyge over oss på morgonen 1. juni. Varmen let venta på seg, men slik er det når ein bur i arktisk strøk. Same kan det vera, for no er det i alle fall vår!

sjåvika 5

Bjørkelauvet spratt ikkje før 17. mai i går, men no har me bjørka på gong i Sjåvika. Lauvet er kanskje aller finast no. Håpet er lysegrønt, og lauvet skuggar framleis ikkje for utsikta.

 

sjåvika 4

Sola skin på toppane i Sjunkhatten og Kjerringøy, mest heile natta gjennom skulle ein tru! Sjølv får eg ikkje med meg dei lyse vårnettene, ettersom eg hopper tidleg i seng for å få sova litt før mellom amming, amming og atter amming.

 

Sjåvika 6

Lamma som vart fødde i mai har byrja bli ganske store allereie og spretter rundt på grøne bøar.

IMG_3983

Huset i Sjåvika er ferdig med vinterstormane for denne gongen. Ganske fint, for det blæs bra inn vindauga når sørvesten står på som verst.

Sjåvika 11

Utan at verken Marius eller eg har gjort den heilt store innsatsen, så spretter det opp eit par tulipanar i blomsterbedet framfor huset.

sjåvika 12

Bortføre oss, i Breivika, beiter ein par hestar. Prikken over i’en i den landlege idyllen!

Sjåvika 10

I vegkantane og på engene er det Løvetannen som regjerer. På markene hjå oss er han i ferd med å spretta ut. Sørpå har kanskje frøa byrja flyga vekke i vinden allereie?

sjåvika 1

Snart er det duka for årets første rabarbrapai! Når sant skal seiast så er det kanskje litt optimistisk å tru at eg skal få bakt noko kake, men det er lov å håpa. Elles kan eg tilrå det fabelaktige rabarbrasyltetøyet til bestemor Dagmar.

Sjåvika 9

One Response to “Vår i Sjåvika”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Vakre bilder fra nordfylket! Nå kommer vi ut her nord! Nyt ammingtoden. Hilsen Bodil

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  Posts

august 16th, 2017

Det store sviket mot innvandrarkvinnene

Heilt sidan 1970-talet har minoritetskvinnerørsla i Noreg kjempa for at kvinner som har innvandra til Noreg på grunn av ekteskap skal […]

august 10th, 2017

Ei bygd i Nord-Noreg

Eg trødde mine første barneår på Skjervøy i Nord-Troms. Her budde familien min frå eg var 2 til eg var […]

juli 13th, 2017

På gjensyn Steigen!

No reiser eg frå Steigen. Marius, Magnus og eg er på flyttefot og eit nytt kapittel byrjar i Bodø. Det […]

juli 13th, 2017

Handlingsplan men ingen handling

Vold, overgrep og mangel på likestilling i familien står sentralt i debatter om innvandring og integrering. Tvangsekteskap og æresrelatert vold […]

juni 23rd, 2017

Permisjon i Sjåvika

Ungen søv i mine armar vinden blæs gjennom utette karmar det er stille i stua mi. Tenk, eit heilt nytt […]

juni 21st, 2017

Berre kvite babyar

På sjukehuset då Magnus vart fødd, fekk me med oss ein gratis publikasjon heim: “Spedbarnsboken 2016/2017”. Heime hjå oss har […]

juni 17th, 2017

Tones fabelaktige rabarbrapai

Før rabarbrasesongen er over må eg dela oppskrifta på denne fabelaktige smulepaien eg fekk hjå Tone Hellesund i Bergen i […]

juni 5th, 2017

God nok forelder

Det var gjennom teikneserieromanen «Are You My Mother?» av Alison Bechdel at eg første gong høyrde om teoriane til barnelegen […]

juni 2nd, 2017

Vår i Sjåvika

«Når skaren ber ein mann på Sankt Hans, då blir det ein sein vår», er det eit gamalt uttrykk som […]

april 25th, 2017

Streng men urettferdig

Streng men rettferdig, har vore mantraet til Arbeidarpartiet under 8 år med raudgrønt styre. Streng men rettferdig, har dei sagt […]