Bestemor Dagmars rabarbrasyltetøy

Det er sommar og rabarbraen står og veks seg stor i sola. På tide å fylle frysaren med årets ladning med favorittsyltetøy. Mange har signalisert interesse for denne oppskrifta, og no skal de få ho.

  • Fyll ei gryte med 6 liter rabarbra i bitar.
  • Tilsett 1,2 kg sukker
  • 2-3 kanelstenger
  • 4 heile stjerneanis

Kok ingrediensane til syltetøyet er rødbrunt og karamelisert. Det tek opp mot 12 timar på svak varme. Fyll syltetøyet på reine glass. Eg har oppbevart det i frysaren, men noterer meg at det held seg mest ubegrensa lenge i kjøleskapet også. Smaker glimrande på skive surdeigsbrød med brunost, eller på rømmekolle.

Som alternativ til kanel og anis kan ein eksperimentera med ingefær eller litt chili. Den

Lillian, naboen min, skal ha stor takk for å ha gjeve meg oppskrifta på dette fabelaktige syltetøyet. Lillian igjen har fått oppskrifta frå bestemora til svigersonen – ho bestemor Dagmar frå Skjervøy. Hennar instruksar er: “Du må ha mye sukker. Ellers bli de ikke nokka”.

God sommar!

 

One comment

Leave a comment

Your email address will not be published.