Vår i Sjåvika

“Når skaren ber ein mann på Sankt Hans, då blir det ein sein vår”, er det eit gamalt uttrykk som heiter. Fullt så kalt og vinterleg er der ikkje i Sjåvika, sjølv om det streifa ei haglbyge over oss på morgonen 1. juni. Varmen let venta på seg, men slik er det når ein bur i arktisk strøk. Same kan det vera, for no er det i alle fall vår!

sjåvika 5

Bjørkelauvet spratt ikkje før 17. mai i går, men no har me bjørka på gong i Sjåvika. Lauvet er kanskje aller finast no. Håpet er lysegrønt, og lauvet skuggar framleis ikkje for utsikta.

 

sjåvika 4

Sola skin på toppane i Sjunkhatten og Kjerringøy, mest heile natta gjennom skulle ein tru! Sjølv får eg ikkje med meg dei lyse vårnettene, ettersom eg hopper tidleg i seng for å få sova litt før mellom amming, amming og atter amming.

 

Sjåvika 6

Lamma som vart fødde i mai har byrja bli ganske store allereie og spretter rundt på grøne bøar.

IMG_3983

Huset i Sjåvika er ferdig med vinterstormane for denne gongen. Ganske fint, for det blæs bra inn vindauga når sørvesten står på som verst.

Sjåvika 11

Utan at verken Marius eller eg har gjort den heilt store innsatsen, så spretter det opp eit par tulipanar i blomsterbedet framfor huset.

sjåvika 12

Bortføre oss, i Breivika, beiter ein par hestar. Prikken over i’en i den landlege idyllen!

Sjåvika 10

I vegkantane og på engene er det Løvetannen som regjerer. På markene hjå oss er han i ferd med å spretta ut. Sørpå har kanskje frøa byrja flyga vekke i vinden allereie?

sjåvika 1

Snart er det duka for årets første rabarbrapai! Når sant skal seiast så er det kanskje litt optimistisk å tru at eg skal få bakt noko kake, men det er lov å håpa. Elles kan eg tilrå det fabelaktige rabarbrasyltetøyet til bestemor Dagmar.

Sjåvika 9

1 thought on “Vår i Sjåvika”

  1. Bodil Flikke Hestvik

    Vakre bilder fra nordfylket! Nå kommer vi ut her nord! Nyt ammingtoden. Hilsen Bodil

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content