Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å formidle forskning” (Rognsaa 2020). Det var veldig kjekt å høyra! Eg brukar mykje tid og krefter på forskningsformidling, og vart glad. Eg bladde gjennom boka for å sjå kva som var trekt fram og det viste seg å vera spaltene mine i Forskerforum.

I teksten “Revisjonssmerter” har eg delt kor vondt, slitsamt og altopplukande skrekkeleg eg har opplevd prosessen med å revidera vitskapelege artiklar etter fagfellevurdering:

“I den perioden sov eg dårleg fordi eg redigerte tekst i hovudet om natta. Eg stod på leikeplassen om ettermiddagane med ei gnagande uro og grubla på løysingar, heilt ute av stand til å engasjera meg i leiken. Eg vegra meg sånn for å låsa opp kontordøra om morgonen at eg nesten fekk lyst til å spy. I tillegg kritiserte eg meg sjølv for å ta det heile så tungt”.

Rognsaa siterer deler av denne teksten og spanderer på seg eit velmeinande forslag: «Løsningen? Kanskje å si til seg sjølv at 85 prosent er bra nok?» (Rognsaa 2020 side 34).

Akkurat den type kommentar som gjev den indre kritikaren vatn på mølla: “Kan du ikkje berre la vera å ta det så tungt? Kva med å ta litt meir lett på det?”

Plutseleg var eg meir forbanna enn beæra. Rognsaa hadde skrive eit heilt kapittel om “skriveprosessen til gode forfattere” men hadde openbart ikkje skjøna så mykje av kjensler og skriveprosessar.

Eg las det heile opp for min gode kollega Stian. Han skjøna umiddelbart greia:

. “Ofte når eg fortel folk om eit problem eg har, eller noko som er vanskeleg, så trur dei at eg vil ha eit godt råd. Men det vil eg jo ikkje. Eg har som regel grubla masse på løysingar. Eg treng berre at dei seier “Eg forstår godt at du syns er vanskeleg. Det er vanskeleg”, verken meir eller mindre, sa Stian. Han avslutta med ein liten parodi som eg koste meg med i helga:

“Føler du deg trist? Har du det kjipt? La meg gje deg eit godt råd. Gjer som eg, ver glad!”

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Kjelde: Rognsaa, A. and A. Rognsaa (2020). Kunsten å formidle forskning : en skriveguide for fagfolk. Oslo, Universitetsforlaget.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content