12.000

knust glas som glimtar i sola
armeringsjern
betong i bitar
ei gryte nokon kokte maten i kvar einaste dag
ligg igjen i det som ein gong
var ei gate

12.000 døde
12.000 hjarte som ikkje slår
12.000 kroppar utan liv
12.000 par auge utan blikk
12.000 par stive hender
som ikkje lenger
kan stryka over huda til eit anna menneske

12.000 liv som ikkje skal levast meir
12.000 framtider som ikkje vart
12.000 tapte minner
12.000 draumar som ikkje skal drøymast
kvar einaste natt

12.000 som ikkje kom heim
Kor mange mødrer
har mista barnet sitt
når 12.000 er døde?
Kor mange fedrar
som ikkje sjølv er drepne
fortviler over 11.500 døde?
Kor mange menneske sørgjer over
kvar og ein?

12.000 lik
12.000 likposar
eller er det ikkje fleire igjen å oppdriva?
kor mange av dei døde kroppane
er merka med namnelapp,
og kor mange er det ingen som veit kven er?

vil nokon grava 12.000 graver?
eller vil gravemaskinar grava store hol
menn med munnbind
leggja lika i haugar
kropp oppå kropp
og dekka til med jord?

gamle kroppar
barnekroppar
kvinnekroppar
mannskroppar
12.000 skallar i jorda
kleda, huda, bindevevet
blir fordøya av mark og mikroorganismar
til jord skal 12.000 kroppar bli
lenge før tida var inne

kor lenge
kor mange gonger
kor mange menneske
på ein dag
ein månad
eit år
to tiår
på 85 år
neste år

Foto: Photo by Melanie P on Unsplash

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content