Ein månad har berre to veker

Torsdag til torsdag. Huset er fullt av lydar og leiker på golvet. Éi veke i full fart: matpakkar å smørja, forhandling om truser som må byttast, middagar som ikkje akkurat slår an, syltetøysøl og smular, klesvask som tårnar seg opp, beskjedar som ingen høyrer på, middagslaging akkompagnert av «Mamma! Kom!», «Mamma, sjå!» «Mamma, eg vil!» Hugsa dress, vottar, vintersko, hals, ullsokkar, regnvottar, regntøy. Eller gløyma. Få ein ikkje heilt sjølvhjulpen flokk ut av døra. «Kom no!» Sykla hit og dit og så til jobb.

Hugsa å handla. Pølse og potetmos? Æsj, uspiseleg, syns eg, så det blir pølse, potetmos og panert sei. Litt for ein kvar smak. Fotballtrening på ein, medan eg leiker med nummer to i utkanten av bana. Kveldsmat, pusse, pysj, putekrig. Tre kroppar i senga, les bok! «Mamma, ligg her med oss!» Ligge litt, ikkje sovna. Sjølv om det er det einaste kroppen vil.

Må rydda kjøkkenet, plukka opp eit par leiker, leggja fram klede til dagen etter. Puh! Lesa litt bok, men bokstavane går i kryss og tankane blir til underlege draumar i sofaen. Det er berre å hoppa i loppekassa. Varme barnekroppar på kvar side. Så godt å vera klemt inne i midten av senga, flokken samla, tett i tett, pust, snøft og lyden av ein uforståeleg setning frå draumeland. Morgonen gryr. I mørke blir eg vekka av kroppar som rører meir og meir på seg medan dei stig opp av den tunge søvnen og nærmar seg vakne. «Mamma, kan vi stå opp no?» På’an igjen!

Torsdag til torsdag er huset stilt. Eg vaknar åleine i senga, gradvis av lyset. Ingen lydar i huset, anna enn ventilasjonsanlegget. Eg treng ikkje stå opp endå. Ventar litt og står opp likevel. Er ser andletet mitt i spegelen. Nokre striper i kinnet etter puta, og panneluggen som stikk rett ut til høgre. Tisse, tasse opp trappa, trakta kaffi. Eg høyrer lyden av kaffitraktaren og dekker bordet med éin asjett, éin kopp og eitt glas. Frukost i lag med meg. Er det med herleg ro, eller med stille og tomheit i dag? Eg har berre meg sjølv å kle på, så eg tek ein dusj, pustar medan vatnet renn over andletet; kler på meg noko fint, ettersom eg ikkje skal bera skitne dressar og snørrete ungar inn i barnehagen.

Eg kjem tidleg i gang på kontoret. Eg kan gjera kva eg vil om ettermiddagen, men eg har berre lyst til å gjera ingenting. Og så må eg rydda leikene, kjøkkenet, vaska ein haug med klede, skifta dekk på bilen, handla, jobba inn nokre timar, sova litt ekstra, skriva ein tekst til eit tidsskrift, trena bekkenbotn, vatna blomar, på dagsreise med jobben, gå ut ein tur om kvelden når eg kan. Dagane er både tomme og travle. Men så godt det kan vera å sykla til byen om kvelden, treffa ein ven, lytta til musikk frå ein scene, lesa bok heile ettermiddagen, sova så lenge eg treng og gå ei god mil oppetter fjellsida åleine på laurdagen. To rundar med annakvarrytmen. To, så er månaden gått. To foreldreveker og to vaksenveker. Ein månad har berre to veker no.

Foto: Karoline O.A. Petttersen og Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content