Søknadsgebyr kroner 11.900

Det er dyrtid. Den effektive renta på bustadlåna våre er stige til over fem prosent. Prisane på basisvarer som mat, straum og drivstoff har også auka. For dei av oss som har små marginar frå før veks bekymringane i takt med prisane. Dei godt betalte og priviligerte risikerer i verste fall å belasta miljøet litt mindre med forbruk og flyreiser.

For nokon av oss aukar også prisen på å leva eit familieliv. I følgje den Europeiske menneskerettskonvensjonen er retten til å utøva eit familieliv heilt grunnleggjande. Men for dei av oss som har næraste familie på ulike sider av tvers av statsgrensene må ein bla opp betydelege summar for at retten til familieliv skal bli ein realitet.

I 2003 var søknadsgebyret for å søkja om familieinnvandring på 600 kroner. Frå 2024 vil det kosta 11.900. Prisen for å søkja har altså blitt nesten 20 gonger høgare på 20 år. Familiemedlemmar til flyktningar får litt rabatt og betaler 7800 kroner. Søknadsgebyret er ei rein utgift, men i tillegg kjem inntektskravet som referansepersonen må oppfylla.

Familieinnvandring er den desidert dyrast søknadstypen, men også studentar må ut med over 5000, og au-pairløyve kostar over 9000 frå neste år. EØS-borgarar derimot, treng ikkje søkja, og det kostar ingenting å registrera seg i Noreg for denne gruppa. Ein betalar heller ingenting for å søkja om opphald for barn under 18 år.

Prisen for å søkja har altså blitt nesten 20 gonger høgare på 20 år.

Dersom søknaden blir innvilga er det gyldig i 1 til 5 år, og så må ein søkja på nytt før løyvet går ut. Fornying av familieinnvandringsløyve kostar over 4000 det også.

Arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar kan søkja om permanent opphald når dei har budd i Noreg i 3 år. Flyktningar og deira familiemedlemmar må venta i fem år. Ein må også oppfylla følgjande vilkår: 1) Årleg lønnsinntekt på rett under 300.000 kroner. 2) Bestått prøve i norsk og samfunnskunnskap, 3) ikkje ha utført straffbare handlingar eller vera under etterforsking av politiet og 4) ikkje har vore i utlandet meir enn til saman sju månader dei siste 3 åra.

Dei som fyller vilkåra kan betala søknadsgebyret på 4000 og søkja om permanent opphaldsløyve. Dersom du ikkje fyller vilkåra og får avslag, har du tapt dei pengane. Det kostar dessutan 6500 kroner. å søkja om norsk statsborgarskap.

I beste fall vil ein familieinnvandrar betala 22.400 i søknadsgebyr i prosessen fram til statsborgarskap, dersom ein får eit førstegongsløyve som gjeld i tre år og ein oppfyller alle vilkåra for permanent opphald før desse tre åra er gått.

Dersom arbeidskontrakten berre varer i 1 år, dersom UDI er i tvil om ekteskapet er reelt eller det er andre tvilsspørsmål i saka, vil ein kunna bli nøydd til å søkja på nytt kvart einaste år. Ein familieinnvandrar som søkjer på nytt kvart år betaler då til saman 31.200 kroner i søknadsgebyr før ein får statsborgarskap.

Dersom eit familiemedlem til flyktning til dømes ikkje greier å oppfylla inntektskravet etter 5 år, må ein halda fram med å søkja om fornying og betala 4400 kr for kvar gong.

Jamfør departementet blir gebyra rekna ut basert på direkte og indirekte kostnader ved saksbehandlinga, og søkjarar skal ikkje måtta «dekke unødvendige kostnader». Regelverket for familieinnvandring er blitt mykje strengare og meir komplisert i løp av dei siste 20 åra. Det er fleire vilkår og fleire moglege unntak forvaltninga skal ta stilling til, og då kan saksbehandlinga også bli dyrare. Samstundes er det også gjort ei heilt rekke grep for å forenkla og automatisera saksbehandlinga i UDI, og det skulle peika i retning av lågare søknadsgebyr for søkjarane.

I tillegg til søknadsgebyret ein betalar til UDI, er det ekstra søknadsgebyr for å levera inn søknad på servicesenter som tek imot søknaden på vegne av ein norsk ambassade. Ein må også betala ekstragebyr for at andre lands ambassadar skal ta imot søknaden, slik ordninga gjerne er i dei landa Noreg ikkje har ambassade. Ein må også betala gebyr for å få sendt søknad og pass til eit anna land. UDI skriv ingenting om prisen for desse gebyra, som kan ventast å variera mellom ambassadar og endra seg over tid.

Prosessane med å søkja familieinnvandring til Noreg og etter kvart få rett til å bli her, krev både tid og pengar. Mange norske referansepersonar ser ut til å bli både overraska og provosert over dette. Dei av oss som har vakse opp som norske statsborgarar og ikkje har erfaring med UDI veit som regel lite om kva innvandringsregulering betyr i praksis.

I forskingsprosjektet REMIMO undersøkjer me korleis pengar blir eit verkemiddel i innvandringsregulering. Søknadsgebyra er ei side av den kompliserte samanvevinga av tid og pengar i desse prosessane.

Foto: Karoline O.A. Pettersen for REMIMO.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content