Kvinner utestengt frå idretten

Ikkje ei einaste kvinne er med når Saudi-Arabia no sender 199 idrettsutøvarar til Asia-leikane, melder Reuters. Tilbake i 1972 vart to kvinner stengde ute frå det norske landslaget fordi dei hadde delteke i Holmenkollstafetten under falske namn. Kvinner hadde nemlig ikkje lov til å delta den gongen.

Dei to kvinnene som stilte opp i Holmenkollstafetten i 1972 var Gerd von der Lippe og Ingrid Ellingsen. Allereie etter andre etappe hadde politiet beslaglagt stafettpinnen. Men dei gav seg ikkje med det og sprang vidare med ein blomsterbukett som stafettpinne. Som straff vart dei to utestengd frå moglegheiten til å kvalifisera seg til landslaget.

«Knallharde 1750-meters og 2100-meters etapper er vel heller ikke direkte for kvinner», argumenterte Aftenposten. Men etter tre år med mobilisering og protestar fekk kvinner delta i Holmenkollstafetten frå 1975.

På 1970-talet kjempa norske kvinner ein iherdig kamp for kvinners deltakelse idretten. Ei av dei store forbilda og føregangskvinnene var Grete Waits. Neste laurdag går løpet 10 for Grete av stabelen i Oslo til minne om Waits som døde i 2011. Kva med å dra på med ein ekstra spurt i løpet til støtte for Saudi-Arabiske søstre?

Kjelder:

  • Holmenkollenstafetten – vårens vakreste eventyr? Kampdager, www.kvinnehistorie.no
  • Løp Holmenkollstafetten under falske navn, Aftenposten 12.06.2012

Illustrasjonsbilde: “Holmenkollstafetten 2011” av Ola Haug tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content