Statslause terroristar

Stortinget har vedteke ei rekke tvilsame lovendringar for “å hindra terror”. Det siste forslaget i rekka er at regjeringa vil ta frå folk statsborgarskap dersom dei deltek i utanlandsk krigføring eller, hold deg fast, “opptrer sterkt til skade for statens vitale interesser”. Slik politikk gjev assosiasjonar til 1900-talets totalitære Europa.

Etter terrorangrepet mot tvillingtårna i 2001, og ikkje minst etter 22. juli 2011, har me fått fleire nye lovar som visstnok er laga for å hindra og nedkjempa terror. Mange av dei er lite eigna for å nedkjempa terror. Til gjengjeld er dei svært eigna til å truga rettstryggleiken og bryta med ein eller fleire menneskerettar.

Lovendringa Siv Jensen ønskjer seg, vil heilt openbart bryta med menneskerettane, som slår fast at alle har rett på eit statsborgarskap. Noreg er bunden av internasjonale rettsreglar som seier at ein ikkje har lov til å gjera eigne borgarar statslause. Likevel har både Nederland og Storbritannia greidd å innføra denne moglegheita, og då kan vel Noreg òg?

På byrjinga av 1900-talet var det vanleg praksis blant europeiske statar å ta statsborgarskapet frå og deportera etniske minoritetar og politisk opposisjonelle. Jo meir totalitær ein stat er, jo fleire borgarar tek dei statsborgarskapet frå, meinte den jødiske filosofen Hannah Arendt. I verket “The origins of totalitarianism” skildrar ho eit Europa der stadig større grupper vart gjort statslause og dermed fullstendig rettigheitslause.

Store grupper menneske vart deportert og sendt til eit såkalla “heimland”. Der skjedde eitt av to: anten nekte det såkalla heimlandet å akseptera dei som borgarar. Eller så vart dei teke i mot med opne armar for så å bli sett rett i fengsel som opposisjonell eller landssvikar. I Nazi-Tyskland vart alle jødar konsekvent fråteke statsborgarskapet i forkant av at dei vart deporterte og sende i konsentrasjonsleirar.

Sjølv frie og demokratiske land var inne på tanken om denaturalisering av politisk opposisjonelle. I USA vurderte ein heilt seriøst moglegheita for å ta statsborgarskapet frå amerikanske borgarar ein meinte var kommunistar. Dette byrjar å likna ganske bra på dagens situasjon: den norske regjeringa vil seriøst vurdera å gjera folk statslause dersom dei trugar norske interesser.

Dei som har tenkt ut forslaget ser neppe føre seg at det er jødar, kommunistar eller etniske minoritetar dei skal gjera statslause. Etter alt å døma tenkjer dei på norske borgarar som har reist til Syria for å kriga. Men loven gjeld ikkje berre i 2014. Kven er dei neste som blir skulda for å truga Noregs interesser?

Sjølv om svært få av oss sympatiserer med IS, så er det noko heilt anna å setta menneskerettane til side. Heile poenget med menneskerettar er at dei er grunnleggande og gjeld for alle, uavhengig av kven ein er, kva ein meiner og kva ein har gjort.

Dersom ein likevel skulle gje fullstendig blanke i menneskerettar og internasjonal rett, så kan ein i det minste stilla seg sjølv spørsmålet: Er personar som blir gjort statslause meir eller mindre farlege for den aktuelle staten?

Lovforslaget har vore omtalt av NRK og Marie Brokstad Lund-Johansen har skrive ein interessant kronikk på Nrk Ytring

1 thought on “Statslause terroristar”

  1. Jeg er selv kurder fra Syria , jeg synes vi må ha synlig avgjørelse som viser frem hva er konsekvenser av å være en krigerne for IS eller krigerne i annen terror handlinger. Jeg vil gjerne ha mer diskusjon i denne debatten . Jeg ser godt at flere påpeker på menneskers rett , men hvor er rett til å leve til de sivile som lider og dør på grunn av IS’ brutalitet ?
    Vi hører få om dem , mens vi diskutere fremtid til våre egne statsborgere , jeg tror avgjørelse må beskytte sivile som lider der nede på grunn av våre egne statsborgere.
    NB: Jeg brukte to gang ord “våre egne” men jeg er selv ikke norsk statsborger enda.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content