Civita ønskjer ikkje at Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) skal driva det viktige arbeidet med å vera pådrivar for likestilling. Spørsmålet er kven dei då meiner skal følgja opp lovpålegget om aktivt likestillingsarbeid. Eg gesteblokkar for Maddam i dag. Les heile innlegget der.
Civita framstiller saka som om pådrivararbeid er å fremja politiske standpunkt i den offentlege debatten. Dei er fullt klar over at pådrivararbeidet handlar om mykje meir (jamfør Civita-notat nr 21/2014), men det valde dei å ikkje seia noko om i Dagsnytt 18 onsdag. Men pådrivararbeidet er mykje meir enn å delta i debatt. Den kanskje viktigaste pådrivaroppgåva er å spreia kunnskap og rettleia slik at kommunar og verksemder er i stand til å gjera det aktive likestillingsarbeidet som Stortinget har pålagd dei å gjera.
Civita framstiller diskriminering som nokon som høyrer fortida til, og omtaler aktivt likestillingsarbeid som å «bøte på» fortidas synder. Dette er rett og slett feil. At diskriminering på grunn av etnisitet, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn skjer i Noreg i dag, er et dokumentert faktum. Slik diskriminering er gjerne ikkje intendert, men ein konsekvens av struktur, kultur og umedvitne stereotypiar. Me får ikkje eit liberalt og ikkje-diskriminerande samfunn utan aktivt, systematisk likestillingsarbeid. Eg er derfor spent på kva tiltak Solveig Horne vil fremja i den varsla likestillingsmeldinga, når det gjeld å sørgja føre gjennomføringskraft i regjeringas likestillingspolitikk.
Illustrasjonsbilete: Likestillingsdebatt av Arbeiderpartiet, CC BY-ND 2.0