Klatring i Lofoten

No når mørkret kjem tidlegare og tidlegare på ettermiddagen, passa det fint å ta fram nokre sommarminner frå klatretur i Lofoten.

Ein veldig bra ting med Steigen, i tillegg til at det er den vakraste staden på jorda med fullt av trivelege og driftige folk, er at det berre ligg nokre timar unna eit klatreparadis i verdsklasse: Henningsvær.

Henningsvær og Eli

Her herja Hanna og eg rundt i sommar. Og når sommaren bestemte seg for å knalla til med ei siste varm og strålande helg i slutten av august, var det berre å ta turen over Vestfjorden igjen.

Hurtigbåten

Eli, den tøffaste dama eg kjenner, eg sjølv og to andre vener av Eli, sette opp telta våre i klatrecampen på Festvåg ein fredags kveld.

IMG_5226

Dagen etter var det duka for klatring! Eg hadde den legendariske ruta “Bare blåbær” til gode, etter ein lang og fin klatreferie. No skulle eg endeleg få prøvd meg på klassikaren.

2014-08-30 11.20.47

Innmarsjen opp til der ruta byrjar er på omlag ein time. Det var ganske småkjølig i skuggen der me vart ståande å studera klatreføraren, stamplassane og rigga på oss utstyret. Når ein skal klatra såkalla “naturleg klatring” eller “tradklatring” blir det ein del utstyr.

IMG_5227

Naturleg klatring fungerer på denne måten: Den som klatrer først har hengande på seg ein haug med metallkiler og anna utstyr ein kan henga fast i fjellet for å sikra seg sjølv i. Ein set ei kile i ei sprekk, hekter ein karabiner på kilen, hekter ei slynge (eit nylonband som tåler masse), ein ny karabiner, og så klipper ein tauet sitt inn i karabineren.

2014-08-30 11.28.14

Med dette opplegget vil ein ikkje detta lengre enn lengde over siste kile x 2. Så lenge ein er eit godt stykke over bakken og kila er sett godt nok til å halda, så går det veldig fint å detta. Når ein har klatra den skisserte taulengden sett førstemann tre kiler i fjellet som ho sikrar seg sjølv i, då kan den på bakken ta opp sikringa og gjera seg klar til å klatra sjølv. Andre kvinne ut klatrar opp, klipper seg i stamplassen. Og slik er det berre å halda fram.

IMG_5260

“Bare blåbær” viste seg å vera litt vanskelegare enn  namnet skulle tilseia. Siste taulengden var over 40 meter lang i eit einaste langt riss. Veldig fin klatring, men skummelt! Rissklatring betyr at det ikkje er ei einaste hylle å stå på. Ein må berre gå på, spenne fra så friksjonen helt når ein sikrar, og så pusha vidare.

2014-08-30 15.39.48

Når eg endeleg nådde rappellfestet på femte taulengde var eg ganske svett, skjelven og letta.

2014-08-30 17.13.37

Det eg likar så godt med klatring, er at det er fullstendig umogleg å tenkja på noko anna enn akkurat det ein driv på med, nemleg å sikra og klatra og eventuelt vera redd. Så dersom ein av og til har mange andre meir eller mindre plagsame ting ein tenkjer på, så kan klatring vera ein god kur.

IMG_5228

Eg er alt for glad i snø og mørketid til at eg kan seia at eg nett no gler meg til våren, men det er kjekt å vita at det finst kjekke ting å gjera i barmarksesongen òg!

IMG_5247

Foto: Eli Børve og Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content