List

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er ganske vanleg at ho vil stå opp på den tida og ofte går det heilt fint, det er hennar rytme. Men den dagen var ho stuptrøytt. Ho ville alt og ingenting. “Mat!” og då maten kom på bordet: “Ikke mat!” Det gjekk ikkje lenge før ho byrja skrika. Ho ville ha tutten, men den skal liggja på hylla si, og ho vart rasande og fortvila. Ho skreik og skreik. Eg prøvde å trøysta og bæra, men ho slapp seg ut av armane mine. Ho sprang til eit hjørne av kjøkkenet og skreik. Eg nærma meg for å trøysta. Ho skreik og sprang vekk. Eg prøvde mat, trøyst, bæring, roleg stemme, leik og til slutt “gåkkå”, som ho kallar tutten. Men ingenting hjelpte. Ho skreik og skreik. “Mamma bort!” Eg let ho få litt rom for seg sjølv, men heldt meg i nærleiken. Eg går ikkje frå ho sjølv om ho dyttar meg vekk. Til slutt kledde eg på ho og sette ho i sykkelvogna. Ho skreik framleis. Ingenting hjelpte, men eg heldt fram med å prøva.

Då eg endeleg kom meg på kontoret oppdaga eg at eg hadde gløymt datamaskinen. Å nei! No måtte eg sykla heim igjen i regnet. Men etter å ha pusta sakte eit par gonger sette eg meg heller ned for å lesa. Det var planen for dagen uansett, og lesing er eigentleg lettare utan datamaskinen i nærleiken. Eg såg på artikkelen og dei to bøkene som låg klar på pulten. Blikket og hendene søkte mot artikkelen “Dementia and the Limits to Life” av Ingunn Moser. Det var den eg hadde mest lyst til å lesa, og eg las.

Eg las om ei eldre kvinne som levde med demens og budde på sjukeheim. Ho skreik heile tida, heile døgnet. Ho skreik og skreik slik at det vart ei stor belastning for dei andre som budde og jobba der. Kvifor skreik ho, og kva kunne dei gjera? undra dei tilsette. Fanst det medisinar som kunne hjelpa? Legen ville ikkje gje ho meir medisin, det var for mykje allereie. Ho fekk henvisning til psykiater, men det var lang kø og ho vart ikkje prioritert. Kva skulle dei tilsette gjera? Situasjonen var heilt uuthaldeleg.

Kvinna fekk eit rom for seg sjølv så langt vekk frå dei andre som mogleg. Ho vart plassert i ein stol med eit bord framføre slik at ho ikkje skulle gå. Ho vart mata på rommet og var ikkje i lag med dei andre. Ho fekk så mykje medisin at ho skulle vore heilt neddopa, men likevel sov ho ikkje. Ho berre skreik og skreik, og det vart berre verre. Det var umogleg å få kontakt med ho.

“Det er trist og vondt, men ingenting me kan gjera”, sa ein av dei tilsette. “Det er sjukdommen som utfalder seg slik, og det må berre brenna ut”, sa ein annan. Dei fokuserte på å skjerma dei andre som budde på sjukeheimen frå den enorme belastninga det var å høyra på skriking døgnet rundt.

Eg fekk vondt i kroppen og tårer i augene av å lesa dette avsnittet. Så grusomt! Heilt åleine på rommet og ute av stand til å uttrykka seg. Var det verkeleg ikkje noko meir nokon kunne gjort for ho? Hadde dei tilsette heilt gjeve opp med å prøva og trøysta?

Eg bladde om til neste side. Nei, alle hadde ikkje gjeve opp! Ei av dei tilsette hadde gått på kurs i musikkterapi. Ho allierte seg med musikkterapeuten på huset og antropologen, som kunne bidra med ekstra hender under feltarbeidet. På denne måten kunne ho ta seg tid til kvinna. Ho sette seg ned med ho, andlet mot andlet, heldt ho i hendene og sang songar som kvinna kjente frå sitt liv.

Det var sånn mi farmor sette seg ned med meg då eg var liten. Eg sat på fanget med andletet mot ho og ho heldt meg i begge hendene og song eller fortalde historiar.. Slik sat eg med tindrande auge og høyrde heile juleevangeliet som toåring.

Kvinna slutta ikkje heilt med å skrika. Men ho tok pausar og vart med på songen. Den tilsette starta på eit vers, og så fullførte kvinna. Då kvelden kom hjelpte den tilsette kvinna i seng. Ho sette seg ned ved senga, strauk ho lett over pannen og song voggesongar. Så kom kveldsvakta med sovepille, og etter eit par songar til sovna kvinna og sov natta gjennom for første gong på så lenge nokon kunne hugsa.

Dei tilsette heldt fram med musikk. Gjennom songen fekk dei kontakt med kvinna, og ho kunne delta i songen. På denne måten var ho til stades i relasjonar til andre, i fellesskapen. Den tilsette song første del av verset og kvinna avslutta med dei kjende orda. Songen var ein dialog. Songen bidrog til at kvinna ikkje vart så isolert og åleine lenger, at ho kunne vera i lag, uttrykka seg og vera med på ein meiningsfull dialog, ei utveksling med andre menneske.

Ho slutta ikkje heilt å skrika. Det som fungerte ein kveld fungerte ikkje nødvendigvis dagen etter. Sjølv med mat, song og sovepiller vart det nye våkenetter med skriking. Men det vart betre. Det vart meir leveleg for både kvinna, dei andre som budde der og dei tilsette. Og sjølv når ingenting fungerte heldt dei fram med å prøva, heldt fram med å leita etter nye moglegheiter i nye situasjonar. Å halda fram med å prøva, også når ingenting ser ut til å hjelpa, kanskje er det essensen i det å visa omsorg?

Teksten vekte lysta til å lesa meir. Eg tok fram boka “Care in Practice. On tinkering in Clinics, Homes and Farms” som eg har hatt glede av å lesa i om kveldane den siste tida. Det har trøysta meg å lesa om omsorg, bla gjennom kapittelet til Janelle Taylor om “å halda omsorga saman”. Eg bladde vidare i boka og kom over ei side der Ingeborg hadde utfolda seg. Ho hadde teikna med blyanten i boka som hadde lege på nattbordet mitt.

Ingeborg har teikna på side 288 i boka “Care in Practice. On tinkering in Clinics, homes and Farms”.

Illustrasjonsbilete: “Care my hand” av Oimax. CC BY 2.0

2 Responses to “Å trøysta ho som skrik”

  1. Mai Camilla

    Nydelig og sterk, lesning, Helga:) Inspirerende og rørende.

  2. Helga Eggebø

    Tusen takk Mai Camilla! Det betyr mykje med gode ord frå deg!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]