AI-generert angst

I ferien fekk eg ein e-post med emnefelt «Unauthorized Use of Image (Case 002-198649) [ ref:_00D24Jcz7._5009Y2y8yE:ref ]». Kva var dette? Er det eit forsøk på lureri, eller har eg gjort ein feil og brukt eit illustrasjonsbilete på bloggen som eg ikkje hadde rett til å bruka? undra eg. Det var litt rart, for eg er godt opplært til å ikkje stela bilete på nettet, og oppteken av å respektera andre sitt åndsverk. Eg skumlas e-posten og noterte meg at dei ville ha meg til å betala 370 euro. Eg var først heilt innstilt på å betala den kompensasjonen til fotografen. Eg har skrive blogg i mange år, feil kan skje og eg har råd til å betala den rekninga. Men e-posten var signert selskapet «Pixsy», og ikkje fotografen.

Eg leita fram bloggposten dei viste til, og konstaterte at selskapet måtte ha gjort ein feil. For nedst i teksten hadde eg skrive heilt korrekt referanse: «Office Politics: A Rise to the Top av Alex Proimos, CC BY-NC 2.0». Eg hadde lagt inn lenke til bilete som eg hadde funne på Flickr.com, og bilete var registrert med Creative Commons lisens og kan brukast gratis til ikkje-kommersielle føremål. Dei hadde lagt ved eit skjermbilete av bloggposten som «bevis», men dette beviste jo berre at eg hadde gjort ting rett og lovleg.

Men i bevisrapporten hadde dei også bilete av ei side eg ikkje hadde sett før: Ei bloggside der berre bilete var synleg, og som ikkje inkluderte nokon tekst med referanse. Etter litt vidare undersøkingar fann eg ut at WordPress genererer ei såkalla «attachment page» når eg lastar opp og legg til eit «featured image» i bloggposten. Denne sida viser berre bilete, og det finst ein direkteURL i systemet. Men korleis hadde dei funne den sida?

Min ven Marta Anna kunne forklara meg at selskapet trålar nettet ved hjelp av AI. Dette verktøye kan finna bilete, også på slike skjulte sider som ein ikkje kan navigera seg fram til. Ho viste meg også at Creative Commons skriv om Pixsy som eit døme på ein forretningsmodell dei meiner er i strid med føremålet med Creative Commons.

Eg sendte selskapet eit svar kor eg viste til kva Creative Commons skriv og forklarte at eg hadde nytta bilete i god tru, referert til fotograf i bloggen og at det var på grunn av det tekniske oppsettet i WordPress at dei hadde funne biletet utan referanse. Eg skreiv også at eg kunne fjerna biletet med ein gong dersom fotografen ønskte det.

Eg fekk berre eit nytt standardisert e-postsvar kor dei viste til «bevisrapporten» og nok ein gong truga meg med advokat og søksmål. Sjølv om dette var mistenkjeleg og det lukta juks og utpressing av heile greia, var det openbart mykje meir profesjonelt enn e-postar av typen «Hi, I am Olga from Russia…».

Kunne dei faktisk gå til rettssak eller plaga meg med advokatar i vekevis? På den eine sida høyrdest det mykje meir plagsamt ut enn å betala 4000 kroner og bli ferdig med saka. Men på den andre sida var kravet heilt urimeleg. Eg hadde ikkje gjort noko gale her, som det gjekk fram av «bevisa» dei la fram.

Eg rådførte meg med litt forskjellige folk og gjorde ingenting meir med saka i ferien. Men då eg fekk ei purring med trugsmål om «eskalering av saka» og mykje høgare betalingskrav vart eg uroleg. Kor mykje trøbbel kunne dei koma til å laga? Kor mykje pengar, juss og kompetanse hadde dei til å pressa meg og andre til å betala? I løp av dei siste ni-ti åra har eg nytta fleire hundre Creative Commons-bilete, og dei fleste frå Flickr.com. Dersom eg aksepterte dette betalingskravet aksepterte eg i prinsippet å skulda mange hundre tusen kroner.

Føremålet med Creative Commons er at folk skal kjenna seg trygge når dei nyttar bilete til ikkje-kommersielle føremål. Men det hindrar altså ikkje at nokon lagar butikk av å skremma folk til å betala utan å ha gjort noko gale. Men no kjenner eg meg ikkje lenger trygg på å bruka creative commons bilete på bloggen. AI-generert angst.

Ingen eg av dei eg har snakka med så langt har opplevd noko liknande. Men Gibbs Law Group er kjent med problemet og tilbyr gratis råd. Dei skriv at Pixsy har fusjonert med Flickr og opererer i ei juridisk gråsone. Copyrightlovgjeving er kompliserte greier, så sjølv om dette framstår som scam – og mange har fått heilt ugrunna betalingskrav – så kan ein ikkje utelukka at Pixsy dreg deg til retten. Eg er altså ikkje den einaste som er ramma av AI-generert angst, og redsla er på ingen måte grunnlaus.

Etter tips på Facebook tok eg kontakt med LO-favør for å sjå om dei kunne hjelpa meg med juridisk rådgjeving i saka. Eg fekk ein gratis samtale med jurist. Sjølv om samtalen tok brodden av angsten, var det mykje han ikkje kunne svara på. Dei hadde inga erfaring med akkurat dette selskapet, og framleis lite erfaring med slike saker. AI er under rask utvikling, og dette er openbart ein ny trend som følgjer i kjølvatnet av slike verktøy. Juristen råda meg til å halda fram med å argumentera imot og satsa på at dei ikkje kom til å nytta personalressursar på å gå vidare med saka. Rettssak var svært lite sannsynleg, meinte han.

Men dersom det skulle blitt rettssak, så meinte han at saka hadde mest tilknyting til Noreg og at eg burde argumenta for at det måtte bli norsk Tingrett, ikkje USA der selskapet er registrert. Ein skjult URL er dessutan ikkje å rekna som «offentleggjering», meinte han.

Og her står saka. Betalingsfristen er i neste veke. Eg reknar med at eg får fleire trugsmål om rettssak. Eg har ikkje tenkt å betala og eg reknar ikkje med at dei svarer ordentleg på mine argument. Eg tviler på at saka blir realitetsbehandla i ein amerikansk domstol. Men det er ubehageleg uansett. Og Pixsy har i alle fall uansett sørgja føre at eg ikkje føler meg heilt trygg som bloggar på nettet lenger. Kva konsekvensar har dette for ytringsfridomen dersom fleire av oss blir utsett for AI-generert angst og utpressing?

Oppdatering per 21. november 2023: Etter at eg fekk e-postvarsel om “case escalation” den 6. september, kor dei truga med at deira norske partnarar ville ta saka og pressa meg for endå meir pengar, har eg ikkje høyrd noko meir frå dei. Førebels konklusjon: Profesjonalisert lureri kor profittpotensialet ligg i at folk blir redde og betalar. Konklusjon 2: Eg brukar ikkje creative commonsbilete frå Flickr meir.

Illustrasjonsbilete: AI-generert med verktøy som berre nyttar bilete det er lovleg å bruka.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content