Legg lista lågt nok

Det gjeld å leggja lista lågt nok. Slik at ein ikkje riv ho med verken leggen eller panna, men kjem seg over med god margin. Legg lista på golvet dersom det er det som skal til.

Denne veka har eg lagt lista her: På jobb skal eg skriva 30 minutt på ein vitskapleg artikkel kvar dag. Eg set på stoppeklokka. Eg kom meg over den lista tysdag til fredag med grei margin. Dersom det ikkje går like bra neste veke senker eg lista eit hakk til.

Før 2022 hadde eg “Skrivetid” i to timar kvar morgon mellom 0800 og 1000. Dette vart det ganske mange artiklar og kronikkar av. Men i fjor var livet såpass hardt at det vart lite eller inga skrivetid. No gjeld det å leggja lista lågt nok til å koma igang igjen.

Disclaimer: Dette er ikkje eit nyttårsforsett. Berre eit forsøk på å plukka opp tråden (igjen og igjen).

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content