Papegøyen

Søskenbarnet mitt, Per Sigve Særheim, har teke opp igjen kunsten, og inspirerer med oljemaleri og teikning på Instagram. Då eg var i Rogaland i ferien nytta eg høvet til å be om eit kurs. Det skulle ikkje vera noko verdsproblem, og Per Sigve dekka bordet med voksduk, lerret, penslar, terpentin og mjuk, blank og tjukk oljemaling i sterke fargar.

Tante og eg, som var deltakarar på kurset, fekk nokre enkle instruksjonar og så var det berre å øva, prøva, be om innspel og prøva igjen. Første steg var å finna eit foto og mala etter. Kva hadde eg lyst til å mala?

Noko med fargar! Sterke, strålande, skrikande fargar! Eg kjende i heile kroppen at dét hadde eg lyst til. Eg bladde i bileta frå sommaren og fann eit av papegøyen med hadde treft på Ørnhaug besøk- og aktivitetstun på Austre Åmøy. Papegøye, heilt klart! Men eg ville ha raudt, så me leita fram eit foto av ein Arapapegøye. Akkurat den måtte det bli!

Då eg rissa opp papegøyen med tyntflytande, terpentinblanda gråbrun oljemaling, kom eg til å tenkja på korleis eg malte då eg var barn. Eg hugsar eg likte å mala etter kjende maleri. Eg kopierte eit utsnitt av Monet ein gong: Ei vasslilje i impresjonistisk stil. Eg likte fargane og forsøket på å mala det eg såg. Eg likte dei mjuke penselstrøka og detaljane. Eg fekk det ganske bra til, og det vart fint.

Som barn likte eg kreativ skriving. Eg elska å dikta historier og eventyr. Eg likte å teikna og mala. Eg elska å brodera, sy og strikka i lag med farmor, og vera i verkstaden med farfar. Eg bygde seglbåt, laga trefat på dreiemaskin og med holjern og prøvde meg på treskjering. Det kjendest godt å arbeida med hendene og skapa noko som kunne brukast og som var vakkert.

Eg høyrde ei lita historie ein gong, om ei kvinne som fortalde eit barn at ho dreiv med malekurs for vaksne. «Kurs?» undra jenta. «Meiner du at dei har gløymd korleis dei malar?»

Etter å ha rissa opp papegøyen så presist eg greidde, klemde eg ut dei klissete, mjuke og blanke oljefargane på paletten: Raud, blå, grøn, gul, kvit og svart. Eg byrja med den sterke raudfargen. Eg strevde for å sjå ordentleg etter. Kva farge var det eigentleg der det raude var nesten svart på grunn av skugge, eller nesten kvitt på grunn av lysrefleksjon? Raudt er ikkje berre raudt. Eg blanda og blanda, men det var vanskeleg å få fargane heilt rett.

Eg jobba djupt konsentrert. Tanta mi prøvde å dra i gang ein samtale, men eg måtte seia som sant var: Ho måtte gjerne snakka, men eg greidde ikkje å prata medan eg malte. Det var som om både tida og eg forsvann inn i maleriet. I fargane på paletten, og i djupet av motivet som gradvis kom ut av lerretet. Den blanke og tjukke teksturen i malinga. Penselstrøk og lag i oljemalinga. Hendene jobba med formene og blikket med å sjå lyset.

Per Sigve meinte det var nok med ein timestid med maling, for det krev mykje konsentrasjon. Men ettersom eg berre hadde denne kvelden ville eg gjerne mala ferdig. Fargane, hendene og blikket. Seint på kvelden var eg ferdig. Eg kunne halde på heile natta. Berre eit strøk til på akkurat den fjøra. Men det var nok lurt å setja strek før eg eg malte det sund.

Då eg malte initialane mine i eit hjørne kjende eg meg stolt. Så vakkert det vart! Det likna ein papegøye. Både proporsjonane, fargane og lyset var blitt bra! Eg hadde aldri trudd eg skulle få til noko så fint!

Før eg køyrde på kurs den kvelden, hadde eg lova ungane at eg skulle mala ei gåve til dei. Tanken på å mala noko som Magnus og Ingeborg syns var fint hadde inspirert meg i prosessen. Eg gledde meg til å treffa ein Magnus som var stolt av mammaen sin. «Mamma, du kjem til å bli ein berømt kunstmalar!» hadde han sagt til meg ein gong ungane og eg malte med vassfargar ved kjøkkenbordet.

Då eg køyrde heim den kvelden såg eg fargar føre meg på netthinna. Eg kjende at hendene hadde lyst til å halda i penselen, blanda fargar og føra mjuke strøk over det grove lerretet. Eit begjær etter meir! Meir maling, meir fargar, meir lerret i mine hender.

I vaksen alder har eg ikkje sett på meg sjølv som ein kreativ person. Eg er god til å skriva, hugsa og systematisera. Eg er god på rutinar og disiplin. Det passar bra til forsking. Kva tid slutta eg eigentleg med kunstuttrykk?

Små ungar veit i kroppen at dei kan. Dei kan mala, teikna, synga og ,byggja. Ein får det kanskje ikkje akkurat som ein hadde tenkt, og det er frustrerande. Ein må øva og prøva igjen i lag. Men dei verkar ikkje som om dei uroar seg over at dette skulle vera noko dei per definisjon ikkje kan og derfor ikkje skal halda på med.

Som barn flest hadde eg sterke kreative krefter, men ettersom åra har gått har eg gløymd at eg har dei. Eg har gradvis lært at berre dei som «kan» synga skal opna nebbet. På eit eller anna tidspunkt var ikkje teikning og maling lenger noko eg «kunne», og så slutta eg med det. Eg har slutta med treskjering, dreiing, snekring, brodering, strikking, sying, maling og teikning. Eg har også slutta med å spela fløyte, noko eg heldt på med i 10 år og definitivt kunne.

No har eg byrja å mala igjen. Eg maler med akrylfargar og vassmaling i lag med ungane. Eg maler akvarell i lag med Marta Anna. Eg har malt med oljemaling i lag med tante Ingrunn og Per Sigve. Eg speler litt barokkmusikk innimellom, og så syng eg. Eg nektar å tenkja på om dette er noko eg «kan» eller ikkje. Som forskar og føredragshaldar er eg profesjonell. Alt det andre har eg berre tenkt å gjera fordi eg har lyst, fordi det kjennest godt og fordi det er fint å vera og gjera i lag. Og fordi eg framleis har desse kreative superkreftene som stråler ut av heile kroppen og vil bli til noko.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content