Når heime er borte

 I dag har eg grubla på korleis det er å sakna heimstaden sin og vita at ein aldri kan reisa til bake.

Status for 2015 viser at 59,5 millionar menneske er på flukt. Ein forsvinnande litan del av dei som flykter kjem seg til det etterlengta Nord-Europa og får bli på lovleg vis. Dei er redda frå akutt fare og etter ei lang ventetid på mottak kan dei byrja det møysommelege arbeidet med å byggja seg opp eit nytt liv.

Folk har flykta frå bomber, forfølging, terror, massakre, valdtekt, sveltedauden, drukningar, menneskesmuglarar, og så bortetter. Både omfanget og situasjonen er vanskeleg å ta inn over seg. Det er så fjernt frå den røynda eg sjølv lever i.

Tenkt om eg sjølv måtte flykta. Tenkt om eg aldri meir skulle få sjå norskekysten igjen. Aldri meir sjå dei bratte fjella reisa seg opp frå havet. Aldri meir springa på dei kvasse toppane, kor tregrensa går mellom 0 og 400 meter over havet. Kor fjellfloraen byrjar i fjøresteinane og orrfuglen flyg mellom øyane. Aldri meir sjå havørna sirkla over havet utføre kjøkkenvinduet. Aldri meir ljose sommarnetter kor sola aldri går ned.

Tenk om eg sjølv måtte flykta, og havna i til dømes eit land i Sør-Aust Asia. Ein stad kor det alltid er varmt og fuktig. Kor årstidene ikkje finst. Kor sola går ned mellom seks og sju kvar einaste dag året rundt. Kor der alltid er masse folk rundt deg, og heilt umogleg å finna eit stykke ope landskap kor ein kan vera åleine. Sånt er spennande og eksotisk på ferie. Men kva om eg aldri kunne reisa heim nokon sinne?

Eg ville sakna det arktiske landskapet og naturen så det gjorde vondt i hjarta og sjela. Tenk om eg aldri skulle få stå på ski meir i heile mitt liv. Tenk om eg aldri igjen skulle sjå nordlyset dansa over himmelen og frosten bita i kinna og snørret frysa i nasen?

Tenk om der ikkje var ein returbillett. Eller tenk at der ikkje var nokon billett i det heile. Tenk om eg hadde kome meg frå Noreg til, la oss seia, Vietnam, ved å gå, sitta på i lastebil, kryssa ei elv om natta, snika meg med i ein trailer.

Sett i lys av tortur, valdtekt, droner, terror, nedslakting av landsbyar, blir saknet etter heime kanskje ei meir banal og mindre viktig side ved det å flykta. Men likevel.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content