Berg og båre brytes

Allereie midt i august kom den første sørveststormen inn over Bodø. For oss som er nye i nabolaget var det første gong me kunne sitta og sjå ut vindauga på sjøen som gjekk kvit, trea som bøyde seg i vinden og bårene som braut mot berga nede på neset.

IMG_7298

Det var ein sånn søndag der det var mest freistande å bli inne og sjå ut på vinden, dei voldsomme regnbygene og den kvite skumsprøyten på bølgjetoppane. Den vesle turen Magnus og eg hadde gått ut for å trille var ikkje særleg triveleg. Vinden reiv av regntrekket og blæs inn på ungen, og det heile var ikkje akkurat søvndyssande. Men utpå kvelden roa det seg litt, både i heimen og i vêret og eg tok meg ein tur ned på Mørkvedodden for å sjå på naturkreftene.

IMG_7236

Berre ti minutt å gå frå døra kunne eg få med meg denne naturopplevinga! Kveldslyset i lyngen, dei blygrå skyene og det grågrøne havet og dei kvite bølgjene som bryt mot berga.

IMG_7254

Som Ola og Kari Bremnes har skrive:

Der kor berg og båre brytes blir det melodia
Alt fra løstig sommarlåt te såre symfonia
Kvasse klippe knuses sund og smuldre bort i sanda
Men her finns og steina som e go å ha i handa

IMG_7239

Det er så vakkert med alle dei ulike nyansane av grått på skyene, fjella og i havet sjølv. Eg er glad for at eg bur så nært havet, himmelen og berga at eg kan få med meg alt dette rett utføre stuedøra så vel som frå godstolen framføre vindauga.

IMG_7279

One comment

Leave a comment

Your email address will not be published.