Den som tier samtykker

Office Politics is simply how power gets worked out on a practical, day-to-day basis. Office politics "is the use of one's individual or assigned power within an employing organization for the purpose of obtaining advantages beyond one's legitimate authority. Those advantages may include access to tangible assets, or intangible benefits such as status or pseudo-authority that influences the behavior of others. Both individuals and groups may engage in Office Politics." Office politics differs from office gossip in that people participating in office politics do so with the objective of gaining advantage, whereas gossip can be a purely social activity. However, both activities are highly related to each other. Office politics also refers to the way co-workers act among each other. It can be either positive or negative although for most of us 'abnormals' it's negative! View On Black

Kva kan gjerast for å handtera og hindra seksuell trakassering i arbeidslivet? Etter 3 månader med #MeToo-kampanje burde dette vera eit høgt prioritert spørsmål å finna svar på for både politikarar og arbeidsgjevarar. Det kan vera på sin plass å minna om at alle arbeidsgjevarar og leiinga i organisasjonar og utdanningsinstitusjonar har ei lovpålagt plikt til å førebyggja og forhindra trakassering og seksuell trakassering, jamfør Likestillings- og diskrimineringslova § 13.

Dessverre er denne plikta dårleg kjend, og der er heller ingen systematiske kontrollerar av om plikta blir etterfølgd på ein tilfredsstillande måte. Som det går fram av ein Fafo-rapport om seksuell trakassering i arbeidslivet, så er seksuell trakassering eit arbeidsmiljøproblem som generelt er via lite merksemd verksemdene, og som stort sett ikkje er forankra i det systematiske arbeidet for helse, miljø og sikkerhet (HMS).

I ei ny bok som seksuell trakassering i dansk arbeidsliv,  “Seksuel chikane på arbejdspladsen“, er der nokre interessante døme på korleis verksemder kan jobba systematisk for å hindra seksuell trakassering. Nøkkelen er å etablera ein kultur der alle, ikkje berre dei som trakassererer eller dei som blir utsette, har eit ansvar for å seia frå om seksuell trakassering. Ein arbeidsgjevar fortel:

“Når man overhører eller overværer, at nogen udsættes for en lidt for lummer bemærkning. At man så også konfronterer vedkommende med det og siger: ”Jeg bryder mig ikke om at høre, at du taler sådan til vores nye elev” for eksempel. Og det er vigtigt i personalepolitikken at formulere, at det præcist er det, der forventes af medarbejderne. Formulerer man det som en klar forventning, at man aktivt siger fra, hvis en kollega udsættes for seksuel chikane, så bliver det også nemmere og mere legitimt faktisk at gøre det. Det er dermed helt afgørende, at seksuel chikane som problem ikke individualiseres til at handle om krænker og krænket.”

Som denne sjefen peikar på, så er det heilt avgjerande at seksuell trakassering ikkje blir gjort til eit individuelt problem. Problemet er nemleg ikkje berre den som trakasserer. Og det er ikkje berre den som blir utsett som har eit ansvar for å seia frå. Alle har eit ansvar. Og det er leiinga sitt overordna ansvar å sørgja føre at alle medarbeidarar skjønar det.

Den trakasseringa som #MeToo-kampanjen har avdekka kunne neppe føregått i stille så mange stader og over så langt tid dersom der ikkje hadde vore ein taus og samtykkande skare av medarbeidarar som visste, men ikkje sa noko.

Andre tekstar om trakassering:

Illustrasjonsbilde: Office Politics: A Rise to the Top av Alex Proimos, CC BY-NC 2.0

 

Leave a comment

Your email address will not be published.