List

Dei siste månadene har Marius og eg sete ganske mykje på golvet i lag med Magnus. Også ein heil del i lag med andre babyar og foreldrar. Me har notert oss at vaksne har ein tendens til forklara og forstå barn – også spedbarn – ut i frå kjønnet dei vart registrert med ved fødselen.

“Høyrer at dette er ein gut”, seier folk når Magnus prøver ut det nedre registeret av stemma si. Men når han kjem med sine meir høgfrekvente tonar, er det stilt om kjønn. Store nevar, sterk i klypa, glad i å sutta på pupp i tide og utide – alt sånt blir kommentert og forstått som “typisk gutar”.

Det ville kanskje vore like rimeleg å sjå lubne hender, som blir stadig sterkare, og entusiasme for pupp som ganske typisk babyar. Men mange vaksne nyttar altså eit kvart høve til å insistera på kjønnsforskjell der det sakleg sett ikkje er kjønnsforskjell å sjå.

Ein annan klassikar er å kalla babyar av ulikt kjønn som interagerer med kvarandre for “små kjærastar”, eller litt spøkefullt føreslå at to nyfødte i blått og rosa skal gifta seg når dei blir gamle nok.

Allereie frå fødselen skal ein altså bli innprenta med at ein kvar relasjon mellom folk av ulikt kjønn er ein heteroseksuell relasjon. Kan ikkje ungar berre få lov til å vera vener?

Ein skal høyre mykje før øyrene ramlar av, er det eit uttrykk som heiter. Her for ei tid tilbake, då me var vitne til følgjande episode, var det jammen like før:

Ungane krabba rundt på golvet og dei vaksne satt og såg på og prata. Ein gut krabba etter ei jente og kraup opp på ho bakfra. Den eine mora sa til den andre: “Ja, dei byrjar tidleg!”. “Typisk mannfolk!” svara mora til guten og såg bort på fedrane i rommet med ei forventning om samtykkande respons.

Makan til upassande seksualisering av spedbarn. Mødrer finn det altså for godt å tillegga gutar ein pågåande form for heteroseksualitet, som ein del av ein typisk mannfolknatur, frå før fylte eitt år.

Er det rart at #MeToo

Illustrasjonsbilde: “Toddler” av Dave. CC BY-NC 2.0

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]