List

Menn over 50 sit med makta i lokalpolitikken. Her kjem forklaringa på kvifor det er slik.

I 2001 vart 333 menn valde til ordførarar i norske kommunar, mot berre 96 kvinner. Slik var det også i perioden før, og det er ingenting som tyder på at det blir særleg betre i år, ettersom berre 773 av dei 2521 listetoppane er kvinner. Kvifor er det menn over 50 som stort sett sit med topposisjonane i norske kommunar?

Ei vanleg forklaring er at kvinner ikkje prioriterer politisk arbeid i same grad, på grunn av tidsklemma mellom lønnsarbeid og familie. Trine Østreng trekk fram denne forklaringa i eit blogginnlegg på Maddam denne veka.

Men forskinga viser at denne forklaringa ikkje held vatn. Det er like mange menn og kvinner som droppar politikken fordi dei syns det tek for mykje tid. Kvinner er dessutan like motiverte for politisk arbeid som menn.

Viktige skilnader mellom menn og kvinner er at kvinner føler dei treng meir kunnskap for å kunne stilla til val, og at kvinner sjeldan føreslår seg sjølv som listekandidat. Menn som ikkje har politisk erfaring derimot, uroar seg ikkje over manglande kunnskap. Dei kan vel læra under vegs! Dessutan har dei ein tendens til å føreslå seg sjølv som listekandidat.

Dei som ikkje føreslår seg sjølv, må bli spurd. Og kven er desse som har ansvaret for spørringa? 7 av 10 i partias nominasjonskomitar er menn, og mesteparten er over 50 år. Denne gjengen er openbart anten uvillige til eller ute av stand til å gjera det som skal til for å få dei motiverte kvinnene til å stilla som listetoppar. Det er eit stor demokratisk problem at ein så forsvinnande liten og lite representativ del av befolkninga har så stor makt over dei folkevalde forsamlingane våre.

Sjølv om prosjektet Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken førte til betre kjønnsbalanse i dei kommunane som deltok, har ikkje myndigheitene teke seg bryet med å vidareføra og oppskalera prosjektet. Den kan vera fordi me norskingar har stor tru på at me 1) allereie er likestilte og 2) at likestillinga stadig går framover av seg sjølv.

Til og med maddam-skribenten står i fare for å skapa eit inntrykk at me er på veg mot likestilling, om enn ikkje før i 2047. Denne «på veg»-metaforen pregar heile den norske likestillingdebatten, jamfør professor i statsvitskap Hege Skjeie. (Det er kanskje derfor me ikkje har nokon likestillingspolitikk, utanom pappapermen).

På veg-metaforen skapar eit feilaktig inntrykk av framgang. Statistikken derimot, viser at likestillinga i lokalpolitikken har stagnert fullstendig. Utover på 1970 og 1980-talet auka kvinnedelen i politikken frå om lag 10 prosent til 30-35 prosent. Den gongen gjekk det altså framover. Men mot slutten av 1980-talet stoppa framgangen opp. Det har aldri på noko som helst tidspunkt vore 40 prosent kvinner i norske kommunestyrer. Det kjem aldri til å bli 50/50 av seg sjølv, om ein aldri så mykje tek tida til hjelp.

#kvinnerinn

Dette innlegget vart først publisert på kun.nl.no

Illustrasjonsfoto: Osloyrke: Ordfører Fabian Stang av Erik F. Brandsborg, CC BY-NC-ND 2.0

One Response to “Dovregubbens val”

  1. Derfor stemte eg #kvinnerinn - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] lokalpolitikken er mannsdominert og utviklinga står på staden […]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]