List

Det finaste turen nokon sinne går omlag rett bak huset der eg bur, og er svært lett tilgjengeleg for både Steigen- og Bodøværingar.

Eitt stopp med hurtigbåten, til den nette sum av 55 kroner, tek deg frå Helnessund til den nesten fråflytta bygda Brennsund.

IMG_7589IMG_7590

Kulturlandskapet og husa som ligg her, mellom dei bratte fjella og havet, er ein usedvanleg vakker stad å ferdast. Herifrå kan du følgja fleire spektakulære ruter over fjellet.

IMG_7591IMG_7595

Då vêrmeldinga endeleg var aldeles strålande var det ikkje tvil om kva eg skulle finna på i helga: Gå frå Brennsund, over fjellet og heim. Fredag var eg derfor innom hjå dei lokalkjende naboane Reidar og Jutta, for å få med meg nokre ferdaråd.

Utrusta med lett sekk, solbriller og solfaktor sette Marius og eg oss på båten. I Brennsund er der éin fastbuane, og båten går berre innom ved anrop. Då me gjekk av stod det fullt av folk på dekk og vinka oss god tur. Ikkje tvil om kven som hadde trekt det lengste strået denne strålande laurdagen. Ikkje dei som skulle til Bodø i alle fall.

IMG_7596

Første delen av ruta me gjekk er fin skildra på UT.no Dette stykket har fått namnet 71 gradernord-ruta etter at realityshowet tok turen til kommunen vår. Men me hadde meir ambisiøse planar enn realitydeltakarane.

Planen var å gå opp til Nordskaret (Rismålsskardet på kartet), til Synstadelvvatnet, Laukviktind, ryggen til Kråktind og heim. Som sagt, så gjort.

Turen gjennom frå kaia og gjennom bebyggelsen i Brennsund er aldeles fabelaktig, og er eit glimrande turmål i seg sjølv. Dei som bur her (fast og om sommaren) gjer ein kjempejobb med å halda området ved like. Hadde ikkje vore for at gras og kratt er klippa ned til ein fin veg gjennom villnisset, skulle det vore bra strevsamt å gå her.

IMG_7597 IMG_7599

Etter kulturlandskapet kjem ein over på nokre vakre myrar som bråstoppar opp mot spektakulære fjellsider. Her går ein opp ei bratt side langs bekken og kjem opp i ein trang alpin dal. Denne følgde me fram til platået der Synstadelvvatnet og Heimstellvatnet ligg. Sørfjellet, kallar me dette området, og det er ein glimrande stad og ha basecamp viss ein vil plukka med seg topp etter topp i området.

IMG_7612

Når det blæs frå Sør-Aust, slik det gjorde denne dagen, kjem det sterke fallvindar ned over Sørfjellet. Men kjem ein seg litt lengre opp i fjellsida, hender det at vinden løya. På toppen av Laukviktind, til dømes, var det heilt stilt. Ei fin steinhylle plassert i trygg avstand frå kanten gjorde nytta som solvegg.

IMG_7614

Frå Laukviktind har ein den mest spektakulære utsikten eg har sett på lenge (og i Steigen har me plenty med ubeskriveleg fantastisk utsikt!): Karlsøyvær, Sjunkhatten, Kjerringøy, Sandhornøya, Landego, Fugløya, Røst, Værøy, Lofoten og Vesterålen. Alt dette og mykje meir, i tillegg til heile Steigen, sjølvsagt. Ein har ikkje bruk for noko meir enn dette, spør du meg!

Turen over ryggen til Kråktind var meir krevjande enn me hadde trudd. Ryggen er brei og fin, men me svært sterk vind frå sia opplevdes han som mykje smalara og meir eksponert enn han elles ville vore. Me heldt oss litt på austsida av ryggen, for å ha litt margin frå kanten når vindkasta rykka tak i heile oss.

IMG_7637

Ryggen ender ganske plutseleg i ein bratt vegg like før toppen. Så her må ein gå eit stykke ned mot aust (på ei stor snøfonn då me var der), og så klyva opp på neste rygg gjennom ei smal renne. Derifrå er det lett å ta seg opp på ryggen.

10 timar etter start var me på toppen av Kråktind. Også her er utsikten fantastisk, men no var me slitne og litt mindre gira enn på førre topp. Etter ein liten rast var det berre å byrja på turen ned.

IMG_7633

Då det berre mangla 500 raske høgdemeter ned igjen før me var heime, kom me til Skarbua. Ettersom me hadde lette soveposar med oss i sekken vart det heilt meiningslaust å gå heim. Me sovna tidleg og sov tung på heimsen i hytta, og rusla ned etter frukost neste dag.

IMG_7638

Dersom du vil gå turen og treng ei meir nøyaktig skildring er det berre å ringa!

One Response to “Den finaste turen”

  1. Me padler heim - Helga EggebøHelga Eggebø

    […] og eg har lenge hatt lyst til å padla frå Laukvik via Brennsund og heim til Skjelstad. Denne helga var det meldt strålande på laurdag, og i alle fall ikkje alt […]

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]