Effektivt diskrimineringsvern med Horne?

Likestilingsminister Solveig Horne har fleire gonger signalisert at ho vil ha på plass ei effektiv handheving av diskrimineringsvernet. Det må finnast sanksjonar; det skal kosta å diskriminera.

I 2010 sette Audun Lysbakken ned eit offentleg utval som skulle føreslå ein likestillingspolitikk frå framtida. I NOUen Struktur for likestilling, viste utvalet at me har eit godt diskrimineringslovverk, men at det manglar eit risk bak speilet.

Utan sanksjonsmoglegheiter er diskrimineringsvernet lite verd i praksis. Den som opplever diskriminering kan ta saka til Likestillings- og diskrimineringsombodet, men verken ombodet eller nemnda, som er neste innstans, kan idømma oppreising.

Sjølv om det blir slått fast at ein arbeidsgjevar, til dømes eit sjukehus, er skuldig i graviditetsdiskriminering, så blir det opp til sjukehusleiinga sjølv om dei vil gje ho oppreising. Så då sit ein der, med eit vedtak på papiret som har litan verdi i praksis.

Den førre regjeringa gjorde ingenting med denne ganske uhaldbare rettssituasjonen då dei reviderte diskrimineringslovane. Men Horne har plukka opp saka, og det kan sjå ut som om ho har tenkt å gjera noko med det.

Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) har sett nærare på korleis ein reint konkret kan få til eit reelt rettsvern på dette feltet. Det oppdraget har dei fått av Horne og hennar departement.

Det som må til er på den eine sida at vanlege folk har høve til å klaga når dei opplever diskrminering. Ein kan ikkje berre visa folk til Tingretten, kor det koster ein heil masse å reisa sak. Det andre som skal til er sanksjonar som svir nok til at det har ein førebyggande effekt.

Den norske ambassaden i USA vart for ikkje lenge sidan dømd til å betala ei kvinne omlag 2 millionar kroner i erstatning på grunn av kjønnsdiskriminering. Det må svi monnaleg å diskriminera. Ikkje berre i USA, men også her heime.

Det er gode grunnar til å tru at Horne kjem med andre lovendringar som ikkje fremjer likestilling (kjem tilbake til det i eit innlegg snart). Men eg må seia at det framstår som noko ironisk dersom det blir FrP-ministeren som sørgjer føre veg i vellinga i diskrimineringsvernet.

Foto: Solveig Horne av Peace Research Institute, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content