Prisen for et familieliv

Å få den næraste familien sin til Noreg, anten det er på besøk eller for å bu her, kostar pengar. Ofte mykje pengar. Her er prislappen: 

  • Inntektskrav for at ektefellen din skal få opphald: 251 856 kroner.
  • Søknadsgebyr for familieinnvandring: 5900 kroner.
  • Reise for ein flyktningfamilie: gjerne opp mot 100.000 kroner.
  • Søknadsgebyr for årleg fornying av opphaldsløyvet: 3200 kroner.
  • Søknadsgebyr permanent opphaldsløyve: 2100 kroner.
  • Søknadsgebyr statsborgarskap: 4200 kroner.

Flyktningar får i utgangspunktet unntak frå inntektskravet, men berre dersom familien søkjer innan eit år etter at dei sjølv kom til Noreg. Hanna Buer skreiv i Klassekampen 6. januar om kvifor det kan vera gode grunnar til at søknaden ikkje kan leverast i tide.

Før det første er 5900 kroner mykje når ein får utbetalt 3100 kroner i månaden å leva for. For det andre må pengane betalast med bankkort, og det får ein ikkje før alle ID-papir er på plass. Det kan ta tid. For det tredje er det gjerne er svært dyrt og vanskeleg for familien å koma seg til næraste norske utenriksstasjon, noko ein er nøydd til for å få søkt.

Dersom det skjer at søknaden ikkje er levert innan eit år, slår inntektskravet inn. 251 856 kroner. Dei fleste flyktningar greier får ikkje ei slik årsløn med det første.

Det siste nye er desutan at reisestøtta til flyktningfamiliar er kutta. Før kunne flyktningar søkja om å få dekka reiseutgiftene til familien. Men dei 6,8 miliionane som var sett av til dette har dei blåblå fjerna i 2015.

Prislappen for eit familieliv blir stadig høgare. Det er ein menneskeretten å få leva i lag med den næraste familien. Men kan det kallast ein menneskerett når det berre gjeld for dei som kan betala for denne retten?

Illustrasjonsbilde: Passkontroll av Sparebank1 (CC BY-NC-SA 2.0).

 

Leave a comment

Your email address will not be published.