Pause

Klokka ringer og eg tek hendene vekk frå tastaturet. Det har gått 29 minutt, og akkurat i dag var eg i flyt og ville helst halda fram med det eg var midt inni. Men klokka ringte og det er pausetid, friminutt.

Eg skyv kontorstolen vekk frå pulten, legg beina på bordet og ser ut av vindauga. Eg ser Sandhornet, rygg mot rygg med himmelen. Det står ei rekke nakne osper i forgrunnen. Det er ikkje lenge sidan lauvet var lysande gult, men no ser eg meir av fjellet mellom dei grå greinene. Eg pustar, ser og er åleine i denne pausen.

Eg øver på å ta pause. Eg likar ikkje kjensla av å bli avbroten. Flyt, fart og energi kjennest godt. Det er dessutan sjeldan pause i hovudet sjølv om eg tek hendene av tastaturet ei stund. Tankane sitrar, det klør i hendene etter å halda fram, følgja tankerekka. Eg festar blikket på månen. Den kvite, skyliknande morgonmånen. I den augneblinken vart det ein ørliten tenkepause.

Eg likar også kaffipausar, ein kort prat med eit anna menneske i gangen. Stå 10 minutt ute i sola, mysa mot lyset og veksla nokre ord om meir eller mindre viktige saker. «Har du fått piggdekk på sykkelen?». «Fint lys i dag tidleg». «Å, det er slitsamt å skriva i dag».

Eg er ikkje van med å ta pause. Dei som har kjent meg lenge har mang ein gong høyrd meg seia «det er godt med alt som er gjort!»  Dersom eg held på flyten og energien, så får eg gjort endå meir! Eg kan ha ein pause seinare, seier eg til meg sjølv. Men eg skyv pausemålet framføre meg og når aldri fram til pausen.

Det skjer noko i pausane, sjølv når eg ikkje likar dei, sjølv om tankane uansett er på veg vidare i neste oppgåve og fingrane klør etter å bli med dei. Når eg held igjen litt, så rislar teksten ut av hendene på ein annan måte etterpå. Pausen er kanskje ikkje lang nok til å ta kroppen over i kvilemodus, men eg er likevel mindre sliten på slutten av dagen. Eller kanskje like sliten, men eg har i alle fall ro nok til å merka at eg faktisk er sliten. Og då har eg kanskje vett til å ta ein pause når eg kjem heim.

Når eg har skrive ei stund, kanskje tenkt og strevd, prøvd, pønska og pressa, så tek av og til ein pause ute. Ut å gå i skogen bak universitetet. Den ligg like her borte, og det er særleg fint når det er skiføre. Men det er også vakkert når bjørkeknoppane brest, eller vintersola akkurat ikkje kjem seg over fjella i sør, eller når Strusevengen står i spiralknopp i grøfta.

Medan eg går lausnar teksten i kroppen. Det som satt fast er i betre flyt. Av og til kjem setningane sigande til meg som perler på ei snor. Akkurat dei setningane eg ikkje greidde å finna der inne framføre skjermen på slutten av økta.

Andre gonger skjer det ingenting produktivt eller magisk eller godt i pausen. Eg berre sit der med ei kjensle av å ikkje få til det eg prøver på, av å ikkje koma vidare, av å ikkje vera god nok. Eg har berre pause. Eg tek berre pause fordi alle menneske treng pause; eg også. Eg tek pause fordi arbeidet ikkje kan vera konstant. Alle har rett på pause, og det er ikkje noko eg må gjera meg fortent til.

Pause. Tvangspause, kosepause, pausekløe, pauseuro, kvilepause, kaffipause, tissepause, pustepause, skravlepause, tullepause, luftepause, tenkepause, pausetur, sol i auga-pause, pauseski, pausetankar, utsiktspause. Eg øver og prøver.

Foto: Karoline O.A. Pettersen og Helga Eggebø.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content