Ei slags høgdetrening

For eit par veker sidan var Marius og eg på telttur i heimfjella. Det var med ei slags kjensle av at det kan bli lenge til neste gong.

tur5

Turen opp mot Brennsundfjellet, som gjekk frå 0 til 600 meter over havet, kjentes mest av alt som å gå frå 3000 til 3600 meter over havet. Nett som å vera tilbake i Nepal! På ein måte.

tur6

Den gravide kroppen er ein uvant situasjon. Ein heilt ny måte å vera i verda på. Eg ante ikkje at vanleg fysisk aktivitet skulle framstå som ei slags høgdetrening. Kvifor var det ingen som sa det? Det er kanskje noko alle visste.

Melkesyra stod i låra etter kort tid. Pusten gjekk bananas. Og det trass i at tempoet var langt under moderat. Mi erfaring med å vera på 3000 meter pluss, er at ein blir surrealistisk sliten av å gå små, sakte steg. Det sluttar liksom ikkje å vera overraskande at det skal vera så tungt å gå så seint! Og nett slik var det å vera på telttur frå havnivå og opp.

tur

Samanlikninga med Nepal held berre vatn til ein viss grad. I høgda har eg erfart å kjenna meg fin og restituert etter berre ein relativt kort pust i bakken. I gravid tilstand derimot, går det ikkje særleg fort å restituera. Etter ein time gåing ville eg gjerne ha ein time pause. Vanlegvis blir eg besett rastlaus av sånn. Vil berre gå vidare, sjølv om haustsola varmar kroppen så godt i lyngen. Men ikkje denne helga, nei. Ikkje denne jenta.

tur2

Den vitskapelege forklaringa er visst noko sånt som at blodvolumet aukar med opp til 40 prosent. Dermed må hjarta slå raskare og kraftigare for å få pumpa blodet rundt i kroppen, og kvilepulsen er langt høgare enn elles.

Og sjølvaste google kan stadfesta høgdesamanlikninga: “Effekten av en graviditet blir derfor noe av det samme som effekten av å trene i høydehus; et sterkere hjerte og mer oksygen i blodet”. Ser man det! Eg ser fram til å vera bloddopa og i toppform om 2-3 månader.

Foto: Helga Eggebø og Marius Skaiaa.

1 thought on “Ei slags høgdetrening”

  1. Kristin Ulrikke

    Fine bilder, og gleder meg til å se Speedy Gonzales farte rundt i Steigen om noen måneder!

Leave a Comment

Your email address will not be published.

Skip to content