Ska me ta følge?

Ein nydeleg morgon i november trilla eg sykkelen nedover tunet og stoppa utføre hytta til Elisabeth. Ta følge til jobb – på sykkel. Sånt har eg ikkje vore med på sidan ungdomskulen.

Her i Sjåvika har me det ganske fint, skjønar de. Der er i underkant av seks kilometer å sykla til jobb. Flatt og fint, frisk luft – ein fin start på dagen. Endå meir triveleg er det sjølvsagt å sykla fleire i følgje.

sykkel1

No på seinhausten får ein dessutan med seg det finaste lyset på dagen på denne turen. Det lysnar, og det mørknar. Særleg med ei endelaus rekke av finvêrsdagar, så har sykkelturen gjerne vore den beste delen av dagen.

sykkel4

Ei serie tryggingstiltak er viktig for syklist på mørk landeveg når det nærmer seg vinter: heftige piggdekk, refleksvest, lysande trekk til sykkelsko, hodelykt, blinkande baklykt. Ein vanleg dag køyrer det kanskje opp til sju bilar forbi på turen. Stort sett høfleg og forsiktig.

Så no er spørsmålet berre kor lenge det let seg gjera å sykla før magen kjem i vegen for knea. Trø på!

sykkel-5

Bilder: Elisabeth Stubberud.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content