Eit levande land

På Island, der kokande vatn sprutar opp frå jorda og det berre er eit par tiår sidan ei heilt ny øy steig opp frå havet, der får ein verkeleg kjensla av at sjølve jorda er levande. 

IMG_8240

Eg var ein snartur på jobb i Reykjavik i helga. På ein dag og ein kveld fekk eg klemt inn litt godt tilrettelagt lynsightseeing. Eg plar ikkje vanlegvis å bli med i ei busslast av turistar som bli skipa frå attraksjon til attraksjon med eit stort kamera rundt halsen. Men på laurdag var det nett det eg gjorde, og eg likte det!

IMG_8208

Hverdagerdi (ingen Islandske bokstavar i tastaturet mitt) var der eit ganske omfattande jordskjelv for eit par år sidan. Ein familie hadde plutseleg fått ein ny varm kjelde inn i stova i løp av natta. Jorda hadde opna seg rett under huset, så no er der berre eit hål der huset ein gong var.

IMG_8263

Det vulkanske landsskapet er dekt med hundrevis av ulike stortar mose. Særleg ein grågrøn ein la eg merke til, for den gav ein sånn karakteristisk vintergrøn farge til landsskapet.

IMG_8312

Det første alltinget på Island vart etablert allereie tidleg på 900-talet og islendingane var tidleg ute med å laga eit omfattande lovsystem. Tinget la dei til ei markant kløft som ligg nett der den amerikanske og euroasiatiske kontinentalplata møtes.

IMG_8338

Bussjåføren kunne fortella at det var folk frå Skandinavia, særleg Noreg, og Irland som først busette seg på Island. Myta om dei barske vikingane stod sterkt. Men sjåføren vår var ikkje heilt overtydd om at det var dei krigerske vikingane som bygde Island. Det var nemleg stort sett folk som var lei av krig og konflikt i Noreg som reiste frå gamlelandet og søkte fred og ro i eit nytt land. Dei utvikla raskt ein rik skrifttradisjon, avansert lovsystem og vart eit europeisk sentrum for kunnskap. Krigersk? Mon om det ikkje var nerdane i Noreg som reiste til Island for å sleppa unna barbariet og heller skriva bøker? Den historiafortolkinga har eg sansen for!

IMG_8347

Etter å ha fortald oss masse om landsskapet fekk me høyra ei historie om det Islandske lynnet: Det var ein gong to utanlandske tenåringar som stod i sørvestkuling og regn og haika på ein veg inn mot Reykjavik. Dei fekk ikkje haik, men til slutt var det ei hyggeleg dame som stoppa og tok dei med. Dei hadde ein svært hyggeleg biltur, og tenåringane beit seg merke i at det var ei klok og sikkert høgt utdanna kvinne. Før dei gjekk av spurde dei: ” Kva arbeider du med, du då?” Eg er president på Island, svara kvinna, som viste seg å vera Vigdis Finnbogadottir. Verdas første kvinnelege statsoverhovud.

IMG_8332

 

Foto: Helga Eggebø

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content