Helgehandel

Pengar er berre eit byttemiddel, og nokon gonger er det like greitt å bytta på direkten. Fisk mot potet. Sopp mot egg. Eller kva det skal vera.

Det er fredag, og eg har nett trødd på meg ei halvskitten joggebukse og er klar for å vaske huset. Nett då ringer telefonen.

– Hallo, ja!
– Vi har fått litt sei. Kan du vær på kaia om 20 minutt?
– Klart!

Let joggebuksa vera på, hopper i eit par matchande crogs, slenger på dunjakka og set meg i bilen. Fiskebåten er på veg inn mot kaia, innhylla i ein flokk ropande måse. Og der dukkar naboen også opp med eit par bæreposar i handa. Han har tinga fersk hyse til fredagsmiddag.

Fire store sei, ein einsam brosme og ein raud og fin uer går ned i nokre bæreposar. Vekta på fiskebruket viser opp mot 15 kg fisk. Eg betaler, takkar for handelen og slenger fisken i bilen.

På veg heim stikk me innom hjå dei som kanskje hadde noko elg å selgja. Kjøtdeig, grytekjøt og steik. Me slår til!

– De vil ikkje ha fersk sei til middag de også då? spør eg. Me har i bilen.
– Da ska dåkk no i vertfall få litt potet!

Eg bærer ein fin sei inn på kjøkkenet og får ein pose fine mandelpoteter i bytte. Det var jammen bra me vart kvitt ein sei der, for sjølv med ein mindre tok fileteringa mykje av fredagen.

Laurdag morgon er planen ein sopptur. Ikkje det at ikkje frysaren allereie er ganske full av sånt, men det er fint med ein tur. Me finn litt piggsopp og kantarell. Om enn ikkje dei store mengdane. Legg heimturen innom naboen, ettersom dei av og til brukar selgja egg frå eigne høner.

– Me lurte no på om de hadde egg å selgja oss? Og så vil de kanskje ha litt sopp?

Dagens soppfangst blir bytta mot dagens nyklekte egg. Nøgde med handelen set me oss i bilen for å henta nyslakta villsau som me har bestilt på nabogarden. Sauene beiter på øyene om sommaren og er fine og feite, sjølv om sauerasen er liten. 4 timar seinare er omlag 35 kg lam partert og ordna i middagsporsjonar.

Frysaren er full av mat, og det er fersk sei på menyen. Kven spør vel om meninga med livet i ei sånn stund?

Illustrasjonsfoto: Rooster, av S. Carter, CC BY-SA 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content