Fagfelle nr. 2 

Fagfelle nummer 2 er visst berømt og berykta for å vera sur, streng, kjip, kritisk, krass og nesten karikert i sin slakt av teksten. Herom dagen fekk Anne og eg ein sånn. Me lo godt av forslaget om å «nytta datamaterialet på ein fagleg måte».

Medan fagfelle 1 hadde mykje ros å koma med, var fagfelle 2 svært lite imponert. Men latteren over den krasse kritikken var ikkje anstrengt, men mjuk i kroppen. Den krasse tonen prella av, nesten som vatn på gåsa.  

Under dei kritiske formuleringane var kritikken dessutan poengtert og konkret. Hen hadde mange innspel eg eigentleg var einig i. Derfor laga ei ei punktliste nederst i teksten med ting eg sjølv syns me skulle gjera når me no skulle gå i gang medå revidera teksten.

Korleis kom eg hit? At dei kritiske setningane ikkje festa seg på netthinna og kverna i hovudet? At eg kjenner meg full av handlekraft og retning i staden for knust og rådlaus?

Eg har ikkje peiling! Det er ikkje så lett å setja ord på i alle fall. Det har vore ein lang veg å gå. Mykje har skjedd på 10-15 år. Mykje skam og uro har gnege kroppen. Det kjem sikkert til å skje igjen. Men akkurat no er det ikkje sånn, og det gjer godt. 

Fagfelle nummer 2 hadde eigentleg peika på noko av det same som vår kjære, gode og konstruktive forskargruppe. Berre at tonen er heilt forskjellig. Derfor tok eg fram kommentarane frå Åsne Øygard Danielsen, som eg hadde bestemt meg for å handtera i revisjonen. Der visste eg at det låg nokre gode, kloke ord. 

 Sjølv om kritikken ikkje sette seg fast på netthinna den dagen, så kverna undermedvitet om natta. Eg drøymde at eg skulle disputera. Det var lagt opp til disputas i seminarform, med innlegg frå meg og fem andre kandidatar. Eg skulle vera sist, og ettersom eg var den einaste nordfrå som skulle disputera ved UiO den dagen, hadde eg fått lite informasjon om opplegget. Det uroa meg.

I draumen hadde eg fått beskjed om å presentera avhandlinga i form av ein film. Det hadde eg ikkje fått til, og eg hadde ikkje eit ferdig produkt å visa fram. Eg sat og lurte på korleis eg skulle greia å få ferdig noko i løpet av dagen medan dei andre presenterte. Eg hadde klipt i hop nokre greier som var ein blanding av foto, tekst, fag og personlege greier. Men det hang ikkje på greip.

I draumen hadde eg ikkje dei kvalifikasjonane eg har. Eg var for seint ute, eg fekk det ikkje til og no skulle eg vurderast av ein kommisjon som sikkert kom til å stryka meg.  

Eg meiner at me som er fagfellar bør skriva i ein sjanger som er høfleg, hyggeleg og oppmuntrande uansett kor svakt me måtte syns at teksten er. Det er rom for meir ros i akademia.

Men eg noterer meg at kjenslene teksten vekkjer ikkje berre handlar om teksten, men også om lesaren. Kva det treff i lesaren akkurat då. Kor lesaren er i prosessen. Det er forskjellig for alle, som tante Jorunn brukte seia.

Foto: Karoline O.A. Pettersen

#reviewer 2

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content