Dagslys og appelsinjus

Januar nærmar seg slutten og sola strekte seg så vidt over fjella ein klårvêrsdag i førre veke. Men det er mørkt og vindfullt mesteparten av tida.

Eg lengtar mot lyset, og kroppen melder om eit akutt behov for appelsinjus. Laurdag morgon tømte eg ned ein god halvliter gul jus. Jus laga av konsentrat frå appelsinar som har vekse seg store på tre langt, langt unna. Så pakka eg ski og sekk og var klar for tur like etter det var blitt ordentleg lys.

Eg baksa rundt i laussnø og tett snøvêr i timesvis. Akkurat då eg skulle til å fyra opp furubålet klarna det opp litt. Eg kunne sjå blå himmel, måne og noko som likna sollys bak skyene. Så godt med lys! Varmen frå bålet, dei gule lysande flammane og det kvite og blå dagslyset. Eg ville berre ha meir, meir!

På veg tilbake syns eg det mørkna så alt for fort. Då eg møtte løypa var det allereie lys i lyktene. Men det var ikkje denne typen lys eg ønskte meg. Spar meg for gatelykter og lysløype.

Sjølv om sola har snudd og er tilbake på himmelen bak skyene – og eg fekk meg om lag alt dagslyset den laurdagen, – hadde eg ikkje fått nok. Eg hadde ikkje fått nok av verken appelsinjus eller dagslys. Var det denne kjensla som fekk folk her nord til å bestilla flybillettar til destinasjon Syden i januar februar?

Når det mørknar på ettermiddagen er det ikkje noko meir eg har lyst til. Det kjennest som om dagen er over. Eg er i alle fall ferdig med han. Klokka fem, etter middagen, har eg berre lyst til å leggja meg.

Vekk meg i mars! Eg ligg her i hiet mitt fram til dagen har meir lys å by på enn dette. Eg skulle ønskja eg hadde gjort som Mummitrolla gjer i november: eter granbar, legg kvite laken over møbla, sett klar kaffikanna og legg seg for å sova vintersøvnen.

Dessverre er det sånn at jobb og foreldreskap ikkje tek høgde for dette behovet for å gå i hi og venta på våren. I januar og februar kjem fristane tett som hagl, trass i at det einaste fornuftige ville vore å ta det veldig, veldig roleg fram til i mars april. Og då burde me vera mest mogleg ute i lyset. Eg vil følgja kroppens rytme, årstidenes rytme, livets rytme.

I går kveld laga eg meg eit stort glas friskpressa jus av ein haug med raude appelsiner som låg i kjøleskapet på grensa til mygla. Eg raspa ein enorm haug med gulrot, raudkål og eple og åt grådig av dette attåt fiskegratengen. Eg tende stearinlys og rommet spegla seg i dei mørke vindauga. Appelsinjus, men ikkje dagslys. Ja, ja. Ein av to i alle fall.

Plutseleg kom songen frå strupen og ut av kroppen:

Alt det du vet om er vintern
som tappa dæ tom.
Og natta som veit ho har vunne
Du har TV’n og tankan
dæ sjølv og et rom
og liv som har levd og forsvunne.

Han kan å få sagt det, han Halvdan Sivertsen. Det er akkurat den kjensla som gjer at kroppen roper etter dagslys og appelsinjus.

Foto: Helga Eggebø

1 thought on “Dagslys og appelsinjus”

  1. Cecilie Helén Bratt

    “Word”, tenkte jeg, mens jeg stod der på kjøkkenet og drakk appelsinjus og leste denne teksten. God tur, nyt den!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content