List

Regjeringa, KrF og Venstre går inn for kraftige innstramingar i retten til familieinnvandring. Med dette regelverket er det duka for ei god handfull vonde dagar medan ein trufast ventar på at søknaden skal bli handsama. Så her er det berre å elska og æra fram til utlendingslova skiljar dykk åt.

Krf skiltar med medmenneskelegheit og fridom for familien. Venstre hevar liberalismens faner. Paradoksalt nok har dei to partia sørgja føre drastiske innstramingar i retten til familieinnvandring.

24-årsregel

Det er 18 års aldersgrense for å gifta seg i Noreg, men dersom du giftar deg med ein person utføre EØS kan de i utgangspunktet gløyma å bu i lag i Noreg før begge er 24 år.

Inntektskrav

For at familien eller ektefellen din skal få koma til Noreg på familiegjenforening, må du tena omlag 250.000 kroner. Det sørgja den raudgrøne regjeringa for. Dette kravet er den desidert vanlegaste avslagsgrunnen i familieinnvandringssaker. Avslagsprosenten skaut i vêret etter auka. Regjeringa, KrF og Venstre har blitt samde om å auka kravet til 300.000.

6-månaders frist

Flyktningar får unntak frå inntektskravet. Hadde dei ikkje fått det ville svært få sjå familien sin igjen. Men der er eit vilkår: familien må koma seg til næraste norske utanriksstasjon og søkja før det er gått eit år. Ny frist er 6 månader.

Tilknytingskrav

Eit krav som i likskap med 24-årsregelen er importert frå Danmark. Går ut på at ein reknar i hop kor lenge dei to ektefellene til saman har budd i Danmark/Noreg. Har den norske ektefellen budd heile livet her, går det greitt. Men har ein vore eit par år i landet der ektefellen kjem i frå, blir det trøbbel. Kravet har ført til ein kraftig reduksjon i talet på familieinnvandrarar.

5-årsregel

Innvandrarar må søkja om fornya opphald kvart einaste år fram til dei får såkalla permanent opphald. I dag kan ein søkja om permanent etter 3 år. No skal det bli 5 år med søknadsbyråkrati. UDI skal få nok å halda på med i alle fall.

Illustrasjonsfoto: Marriage, av Jo Christian Oterhals CC BY-NC-ND 2.0.

4 Responses to “Familieverdiar og liberalisme?”

  1. Habib Hedaiat

    Hei

    Når denne avtalen trer i kraft? Har den tilbakevirkende kraft?

    Mvh
    Habib

  2. Svein Tore Pedersen

    Hm… kanskje KRF burde lese bibelen sin en gang til. Den som gud har sammenføyet, skal intet menneske skille ad. Var det vist noe sånt…
    Betyr dette at KRF ikke er troende kristne lenger?

    Umenneskelig er dette regelverket hverfall, men det bryr de seg nok ikke om. Den rammer jo bare fattige og innvandrere, så da kan det vell være det samme synes hvis det Onde Storting. For fattige og innvandrere kan jo ikke forsvare seg selv likevel. Lite advokater og lobyister der i gården.

  3. Mona GTA Johansen

    Hei. Hva menes med det du skriver om bodd sammen utenfor Norge? Jeg har flyttet til mannen min i Egypt, rett og slett fordi jeg ikke orker å være uten han, og jeg har ikke hatt riktige penger for å søke familiegjenforening heller, før nå.

    Men nå så ønsker vi å bo i hans land noen år, før vi søker familiegjenforening. Vi har vært gift nå, i over 3 år.. Teller det ikke da at vi faktisk har bodd sammen, mer eller mindre i alle disse åra, og evt de åra nå, som vi bor sammen i hans land?

  4. Helga Eggebø

    Hei Mona! Dette tilknytingskravet som regjeringa og samarbeidspartia har gått inn for er ikkje skildra nærare i erklæringa. Derfor er det ikkje klart korleis lova kjem til å bli utforma og korleis regelverket vil bli praktisert. I Danmark har dei eit tilknytingskrav. Her kan du lesa om konsekvensane tilknytningkravet har hatt i Danmark: http://www.sfi.dk/rapportoplysninger-4681.aspx?Action=1&NewsId=2337&PID=9267 Du finn informasjon om sjølve regelen på side 27 og 28.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]