Givær

Givær er ei lita øygruppe i Vestfjorden som ligg langt ute i havet, omlag tre mil vest for Bodø. Hovudøya, som ikkje er større enn 0,1 kvadratkilometer, heiter Husøya og her bur det omlag 14 fastbuande. Denne sommaren har eg hatt glede av å vitja øygruppa to gonger i lag med vener og familie.

IMG_6194

Då Katrine, Eli og eg var på Givær i mai gjekk sauene i lag med dei små lamma sine og beita i fjæresteinane. Absolutt alt av grønt på øya var irrande friskt, nytt og fint nedbeita.

IMG_6201

IMG_6214

IMG_6237

Graset vaks i grønn kontrast mot dei kvite og grå svaberga kor ærfuglane vagga nøgde rundt i store flokkar. Det var lyst døgnet rundt og eit hav av sjøfuglar, som måse, gås, tjeld og teist, flaug rundt skjæra og over vatnet og laga eit livlig leven.

IMG_6188

På Givær er der lange tradisjonar for å sanka dun frå ærfuglane. Der er bygd små hus som dei kan leggja egg i år etter år. Folk samlar tang og legg til rette for reirbygging. Rein tang er nemleg lettare å rensa ut av duna enn gras. lyng og mose som fuglen elles kan koma til å nytta. Ærfuglane er vane med folk og nokre av dei kunne ein koma heilt innpå utan at æa rørde seg frå egga sine. Seinare utpå sommaren sankar folk duna frå reira. Å reinsa dun er visstnok ei oppgåve for dei tålmodige. Etter kva eg har høyrd ligg også prisen for ei ærfugldundyne på opp mot hundre tusen kroner.

IMG_6234

IMG_6228

Der har budd folk på Givær i mange hundre år. Frå Givær har ein nemleg tilgang til rike fiskebankar. Så sjølv om øya ligg værhardt til langt der ute i havet, og det knapt går å dyrka gras til meir enn nokre ganske få dyr, så plassen vore ei attraktiv gullgruve når fiske har vore godt. På Givær har der langt til bake i tid vore fastbuande på fleire gardar og masse folk i rorbuene i fiskesesongen. Offentlege skattelister tilbake til 1600-talet dokumenterer at livet der ute har gått opp og ned. I periodar med godt fiske kunne dei fastbuande tena gode pengar på å selgja handelsvarer, sprit, tobakk og fiskeutstyr til dei som kom for sesongfisket. I dårlegare tider var der hardt arbeid, armod og lite folk.

IMG_7161

IMG_7208

Landskapet på Givær og historia om folket på øya får meg til å tenkja på De usynlige og Hvitt hav av Roy Jacobsen. Fortellinga om familien på Barrøy – langt, langt ute i havet på Helgelandskysten – er ei historie som sitter igjen lenge etter at boka er lesen. Eg kan tilrå ei helg på Givær utrusta med bøkene til Jacobsen, Wassmo og Johan Boyer.

IMG_6232

Namnet Givær kjem visst av ordet ji, som betyr utgytt torsk. Stavelsen ji – eller gi – går igjen i ein del andre stadnamn i Nordland, og det kan jo virka logisk at torsken har gjeve namn til væra ved dei beste fiskebankane. Ein kan lesa meir om stadnamn, slekter og historie frå Givær i “Bodin bygdebok II : Gårds- og slektshistorie for Væran. 1”. Utdrag ligg i rorbua, og boka kan lesast digitalt ved nasjonalbiblioteket (s 96 til 132 om Givær).

IMG_6227

Hurtigbåtruta “Bodø-Væran” går innom Landegode, Bliksvær, Helligvær og ytterst ut til Givær. Dermed er det ein smal sak å koma seg ut til Givær, og været er vel verd besøket. Her ute driv folk med fiske og sau og litt anna forskjellig. Olaug Olsen til dømes, leiger ut rorbu til besøkande og driftar ein 4H-gård som Bodøungar kan besøka ei veke om sommaren.

IMG_7221

Magnus storkoste seg i time etter time med å sjå på ender, kaninar, marsvin, gris, sau, høner og kalvar. Den vetle Husøya er kanskje lita, men eit meir enn stort nok eldorado for ungar. I sommar har ungane på øya hoppa i havet frå kaia ved kvar einaste båtavgang, til ære og underhaldning for dei som kjem innom med hurtigbåten.

Foto: Helga Eggebø

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content