Karriere

Karriere. Eg innrømmer at ordet påverkar mange av vala eg tek i livet mitt: Er det bra for karrieren? Får eg ein sånn karrieresjanse igjen? Korleis går det med karrieren dersom eg heller gjer noko anna?

På eit seminar ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking i førre veke, kom me inn på tematikken karrierelogikkar i akademia. I akademia er det blitt sånn at publisering av engelske artiklar i internasjonale tidsskrift er det einaste som gjeld. Det er sånn du blir professor. Det er sånn du bygg karriere.

Å skriva ei fagbok på norsk, formidla forsking i offentlegheita eller leggja innsatsen i god undervisning er ikkje særleg strategisk. Du kjem ingen veg på karrierestigen av det. Sånn er det blitt, dessverre. Lite å gjera med det.

Mismotet over individualismen, nyliberalismen og utviklinga i akademia var i ferd med å setta sitt preg på ordskiftet. Plutseleg tok den erfarne Elisabeth L’Orange Fürst ordet og sa: “På 70-talet var det ingen på universitetet som snakka om karriere. Karriere – det var noko borgarleg piss! Me ønskte oss arbeid – og ville gjera ein god jobb!”

Det var som om ei klam hand ikkje lengre hadde grep om meg. Borgarleg piss – nettopp! Kva med å berre gjera ein god jobb? Går det an å sjå sånn på det?

Mange av oss har lyst til å skriva fagbøker på norsk, fordi det er meiningsfylt og viktig. Mange har lyst til å formidla forsking i offentlegheita fordi kunnskapen betyr noko samfunn og menneske. Mange av oss elskar å undervisa, og syns det er noko av det mest meiningsfylte ein kan halda på med i livet.

Kva så, om det ikkje er særleg strategisk. Ikkje er særleg bra for karrieren (Det er sjølvsagt heilt glimrande for karrieren dersom du greier å gjera alt dette i tillegg til å publisera dei der fordømte engelske artiklane. Men då er det jo ikkje sikkert at det var noko meir igjen av livet.) Kva med å berre heller ha ein jobb og gjera han så bra som ein kan?

Kanskje den beste karriereplanen i akademia er å gjera sitt beste for å aldri nokon sinne bli professor. Heller gjera ein god jobb med å tenka kritisk, skriva viktige ting som folk kan ha nytte av på eit språk folk forstår, og gje nye generasjonar unge verktøy for å læra og tenka. Berre skapa rom til å gjera det ein meiner er viktig – ikkje for  CVen, men for eit større VI.

Illustrasjonsbilde: Business Woman av Sam Javanrouh CC BY-NC 2.0

 

2 comments

Leave a comment

Your email address will not be published.