Fornorsking av kontantstønaden

Heilt sidan kontantstønaden vart innførd i 1998 har ordninga vore omdiskutert, og debatten har blussa opp igjen kvar einaste gong ei ny regjering har endra ordninga i sitt bilde. Men i år har kontantstønaden blitt endra på ein måte som burde vekka oppsikt, utan at dette har ført til særleg offentleg debatt: Jamfør dei nye reglane må begge foreldra må ha budd i Noreg (eller eit anna EØS-land) i minst 5 år for at ein skal ha rett på kontantstønad.

Dei av oss som har innvandra til Noreg, eller som er gift med ein innvandrar, kan altså sjå langt etter dei 7500 skattefrie kronene som andre foreldre får medan dei ventar på barnehageplass. Som Nora Otnes Moussaid peika på i ein kronikk i Dagsavisen “Hareide får, men ikke vi. Jeg har betalt skatt siden jeg var 18, men får ikke kontantstøtte på grunn av mannen min”.

Der er mange som er i same situasjon som Nora og mannen. I fjor innvandra over 8000 personar til Noreg på grunn av ekteskap – dei fleste er gift med norske statsborgarar. Dette er menneske som har flytta til Noreg for å bu i lag med, og gjerne få barn i lag med, den dei har vald å leva livet sitt med. Med det nye regelverket vil ingen av desse familiane ha rett på kontantstønad. (Og som eg har skrive om tidlegare, er det mange av desse familiane som heller ikkje desse familiane fedrekvote og foreldrepengar).

Der er mykje å seia om kontantstønad, likestilling og deltaking på arbeidsmarknaden. Men for å gjera ei lang historie kort: Forskinga viser at kontantstønaden i stor grad blir brukt av foreldre til barn som er 1-1,5 år. Anten fordi dei ikkje har fått barnehageplass endå (1 av 4), eller fordi dei ønskjer å venta med barnehage til ungen er nokre månader eldre enn 1 år (NOU 2017: 6, s 161-2).

Det var dei borgarlege partia som i si tid innførde kontantstønaden og som, av ulike grunnar, ønskjer denne ordninga. KrF vil ha ein raus stønad for å gje meir tid til familiane og Høgre vil at folk skal få velja mellom offentleg og privat barnepass. Men “tid til familien” og “valfridom” er altså ikkje for alle. Det faktum at nokre grupper innvandrarkvinner har låge syssesettingsrater er visst blitt grunn god nok til grov forskjellsbehandling av familiar i Noreg.

Illustrasjonsfoto: BROTHERLY. av PROiDJ Photography, CC BY-NC-ND 2.0.

1 thought on “Fornorsking av kontantstønaden”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content