List

Dei siste 15 åra har eg vore plaga med smerter i rygg og skuldre på grunn av (lett) Scheuermanns sjukdom. Det betyr at eit par av ryggvirvlane mine er kileform,a slik at øvre del av ryggen er krum. Eg har gått til ulike typar behandling, som fysioterapeut, manuellterapeut, osteopat, kiropraktor og massør. Det har vore til hjelp i større eller mindre grad, men effekten varer aldri lenge.

For halvanna år sidan fann eg det som så langt har vore den klart beste kuren mot smertene: Yogatimen “Renewing Power in Flow: Twists” av Fiji McAlpine. Mange av posisjonane her går ut på å låsa av nedre del av ryggen, og retta opp og auka mobiliteten i øvre del av ryggen. I tillegg byr timen på generell styrketrening og mobilitet i heile kroppen. Sveitten dryp frå panna kvar einaste gong!

Desse elementa – styrke, mobilitet og rett rygg – er også ekstremt effektivt mot den framoverbøygde og samankrølla posisjonen som tastatur og bærbar pc på heimekontor, og vanleg kontor, har ein tendens til å føra med seg.

Ved årsskiftet kunne eg gratulera meg sjølv med å ha gjennomført denne yogatimen éin gong i veka kvar einaste veke i heile 2021. Eg byrja med dette i august 2020, og dermed snakkar me godt over 70 gjennomførte timar. Eg har aldri vore særleg stanhaftig på faste treningsopplegg, og syns derfor at det er beint fram utruleg at eg har fått det til. Korleis har eg fått det til?

Den første trikset er at dette opplegget har gjort meg nesten smertefri. Smerte er ein utruleg god motivasjon til å gjera ting som faktisk hjelper. Alternativet til yogarutinen er elendig: Ei sur og murrande smerte i øvre del av ryggen som blir verre og verre ut over dagen og som begrenser meg veldig i kvardagen og gjer meg i dårleg humør.

Den andre trikset er fast trening på eit tidspunkt kor eg veit at eg er relativt kvikk. Som a-menneske fungerer eg best om morgonen, derfor føregår yogatimen kvar måndag morgon klokka 8, eller i praksis mellom 8 og 8.30. Då er eg nyvaska og klar for andre oppgåver omlag 9.30 og det er tids nok.

Det tredje trikset er fellesskap. Elisabeth Stubberud – som fungerte som yogalærar på tunet i Sjåvika i Steigen – er ofte med meg. Ho i Trondheim og eg på kontoret i Bodø, med visning av video på Teams. Innimellom har me hatt med oss ein og annan.

Har du lyst til å prøva Fiji McApline du også? Skaff deg ei yogamatte og køyr i gang på ditt eige (heime)kontor. Alt du treng er matta og bittelitt plass rundt ho. Klassen er knallhard og ganske vanskeleg å få til, så dersom du ikkje har gjort yoga før ville eg gjort nokre av dei lettare timane til Fiji først. Dei er stort sett gratis tilgjengeleg på DoYogaWithMe. Det tok veldig mange veker før eg greidde å alle posisjonane. Det er berre å liggja i yogaposisjonen “barnet” så mykje ein treng medan ein øver og dersom ein har ein tung dag. Å streva for å få til posisjonane er minst like god trening som å få det til.

Det er lov til å be om å få bli med. Eg har fast møteinnkalling kalenderen. Eg har delt med Elisabeth og kan dela med fleire!

Fysioterapeutane har opp gjennom åra gjeve meg alle moglege slags spesifikke styrke- og balanseøvingar som eg har strevd med å ha sjølvdisiplin nok til å gjennomføra. Det har ikkje vore snakk om mange minutt kvar dag eg skulle bruka på det, men likevel har eg berre greidd det i periodar. På ein måte er det vanskelegare å gjennomføra opplegg som tek kort tid, skal gjerast kvar dag og ikkje kjennest som ordentleg trening, enn å trena skikkeleg ein gong i veka og så vera ferdig med det.

Men hovudgrunnen til at eg ikkje har greidd å gjennomføra desse dillete småøvingane er at eg aldri har opplevd at det hjelper på smertene. Men yogatimen til Fiji er eg instilt på å gjennomføra kvar einaste veke så lenge kroppen min kan greia det.

Har eg greidd halvanna år, skulle eg vel greia 10 år. Og held eg på til eg er 70 skulle vel kroppen vera så godt trent til akkurat dette at eg greier det eit tiår til etter den tid!

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]

January 5th, 2022

Aldring, teknologi og sosiale relasjonar

Kva kan ein hundreåring ha glede av å få i bursdagsgåve? Det spørsmålet spurde eg både meg sjølv og mamma […]

January 3rd, 2022

Kontoryoga

Dei siste 15 åra har eg vore plaga med smerter i rygg og skuldre på grunn av (lett) Scheuermanns sjukdom. […]

November 30th, 2021

Brøyting og berekraftsbullshit

Gang- og sykkelbrua over riksvegen på Mørkved blir konsekvent ikkje brøyta. På ein dag som måndag – med eit solid […]

November 9th, 2021

Opprykk eller nedtrykt?

Vekene etter sommarferien har eg jobba med søknad om opprykk til forskar 1. I oppdragsbransjen har me vår eigen versjon […]