List

Kva kan ein hundreåring ha glede av å få i bursdagsgåve? Det spørsmålet spurde eg både meg sjølv og mamma då me planla feiring av tante Jorunn, familiens samlingspunkt på morsida.

Plutseleg fekk eg ein lys idé! Dei siste åra har eg forska på aldring og omsorg, og eg har lese om såkalla velferdsteknologi eller omsorgsteknologi. Det er nye teknologiar som ein nyttar til å ta i vare helsemessige og sosiale omsorgsbehov. I den samanhengen hadde eg høyrd om eit sosialt medium eg trudde kunne vera noko for tante Jorunn!

Kompen kan motta tekst- og bildemeldingar, og ein kan ringa inn videosamtalar. Den har eit enkelt brukargrensesnitt: Ein av og på-knapp, det er alt. Når ein skrur Kompen på rullar bildemeldingane over skjermen, ein etter ein, og folk kan ringa inn.

Kompen for kontakt

Tante Jorunn har stor glede av Kompen, det nemner ho mest kvar gong eg ringer: “Kompen er no så gjev!” Me slektningar sender bilete av kvardagsliv og ungar, fjell og sauer, det som blømer i hagane, utsikt frå heimar og turar. Ikkje minst sender dei som har teke over familiegarden der ho vaks opp – Hyljarås – masse bilete derifrå. Når foreldra mine er på besøk i Bodø legg dei ut eit bilete eller to, og då nyttar gjerne tante Jorunn høve til å ringa. Når eg ringer ho, spør og kommenterer ho dei bileta eg har delt.

Kompen er også eit sosialt medium for oss slekningar. I appen som me nyttar til å dela bilete, kan me sjå heile biletestraumen. Eg ser langt fleire bilete av kvardagslivet til slekningane mine der enn i noko anna medium, og eg set pris på det.

Det er mange gamle som har iPad til å halda kontakt med familie, vener og kjente og som sjølv – og kanskje med litt hjelp – handterer anrop, meldingar og kva det skulle vera. Det har ikkje vore eit alternativ for tante Jorunn. Ho har ein enkel telefon av den usmarte typen, men så har ho både evne og vilje til å nytta Kompen. Dette er teknologi ho meistrar og har glede av.

Sosialt medium eller velferdsteknologi?

Kompen er eit sosial medium med lettvint brukargrensesnitt, men kan også sjåast på som velferdsteknologi ettersom me nyttar han for å ta i vare sosiale omsorgsbehov. Men teknologi gjev ikkje omsorg, det er det menneske som gjer. Kompen er eit tydeleg døme på dette:

For det første har tante Jorunn mange slektningar – etterkommarar etter dei sju søskna hennar – som bryr seg om ho og som sørgjer føre at meldingane tikkar inn og rullar over skjermen. Dersom me ikkje delar frå våre liv gjennom meldingar og samtalar på telefon, dekkar Kompen ingen sosiale behov og kunne istaden koma til å stå der som eit symbol for isolasjon og einsemd.

Helga avbilda på toppen av Litjtind i Bodø ein strålande vinterdag. Bilete vises fram på Kompen i stova til tante Jorunn.
Helga på vintertur til Litjtind i Bodø, her avbilda på Kompen.

For det andre må nokon administrera teknologien. Det er pappa som har sett opp systemet for ho, invitert slekningane til å lasta ned appen som me nyttar til å senda bilete og som frå tid til annan ryddar opp i biletestraumen. Dersom Kompen går i svart – og det gjer jo alle slike duppedittar frå tid til annan – kjem nokon som bur i nærleiken innom for å restarta.

Velferdsteknologi i eldreomsorga

Maggie Mort og kollegar har studert “telecare” i eldreomsorga i Noreg, Storbritannia, Spania og Nederland. Dei understrekar at teknologi ikkje er løysinga på kapasitetsutfordringar i eldreomsorga. Teknologi reduserer ikkje arbeidsmengda, men endrar oppgåvene som må gjerast. Teknologi kan ikkje erstatta menneske, og teknologien fungerer ikkje utan relasjonar og nettverk. I beste fall yter folk og teknologi omsorg i lag.

Mort og kollegar er kritiske til teknofiks og den teknologioptimismen som kjem til uttrykk i politiske styringsdokument og blant utviklarar. På bakgrunn av deira empiriske studia av korleis velferdsteknologi faktisk fungerer i ein sosial kontekst, har dei utvikla eit etisk rammeverk for “telecare” i form av kritiske spørsmål ein må drøfta:

Etisk rammeverk for velferdsteknologi

  • Kven er involvert? Kven må vera med på å utvikla systema og bestemma kva behov teknologien skal dekka? Dei av oss som har blitt gamle må inviterast til å delta i teknologiutvikling, og det er offentlege myndigheiter og teknologiutviklarar sitt ansvar å ta spørsmålet om medverknad på alvor.
  • Kva problem kan teknologien løysa og ikkje? Teknologi kan vera nyttig i nødsituasjonar, men er gjerne mindre nyttig til å dekka sosiale behov. Når folk løysar ut alarmar for å få nokon å snakka med, noko som skjer ganske ofte, så blir det definert som misbruk. Men det er faktisk heilt essensielt at velferdsteknologi – om ikkje nødalarmane – blir nytta til å leggja til rette for sosiale relasjonar.
  • Kven er deltek i dei teknologiske systema? Velferdsteknologi fører gjerne med seg deling og lagring av detaljerte og sensitive personopplysningar. Det kan til dømes vera informasjon som brukaren ikkje ønskjer at barn og andre slekninger skal vita om. Dei som får tilbod om velferdsteknologi må få god informasjon om personvern.
  • Korleis kan velferdsteknologi endra heimen vår? Sjølv om mange ønskjer å bu heime så lenge som mogleg, er det kanskje ikkje lite freistande dersom heimen blir konstant overvåka og får meir og meir preg av å vera ein institusjon. Det er avgjerande å respektera det når folk protesterer mot slik invasjon av heimen og privatlivet. (Som også eg og kollegar har skrive om i artikkelen “Heime best?”, understrekar Mort og kollegar at ein må stilla kritiske spørsmål til målsettinga om at alle på død og liv skal bu lengst mogleg heime).
  • Kven er det som blir den aktive brukaren av teknologien, er det gamle sjølv eller andre? Det er stor skilnad på ein alarm du sjølv kan løysa ut og automatiske sensorar som du ikkje har kontroll over. Sistnemnte fører erfaringsmessig til fleire falske alarmar. Spørsmålet om kva rolle “brukaren” har i møte med teknologien er viktig.
  • Er det verd det? Velferdsteknologi fører til mykje arbeid for både gamle sjølv, tilsette i eldreomsorga og for familie, naboar og vener. Teknologien kan uansett ikkje hindra at folk ramlar, går seg bort eller blir akutt sjuke. Derfor er det viktig å stilla spørsmålet om det eigentleg er verd pengane, tida og ulempene det fører med seg.
  • Prøveperiodar og press. Folk som deltar i testing av velferdsteknologi er gjerne dei mest motiverte. Men kva skjer når testperioden er over? Det vil vera uetisk å ta fra folk teknologi dei har tilpassa seg og har nytte av. Dessutan er det uetisk å pressa folk til å halda fram med å nytta teknologi dei ikkje vil ha. Det er ikkje uvanleg at nasjonale myndigheiter pressar kommunane, og at pårørande pressar gamle.
  • Kva skjer når tilstanden blir verre? Velferdsteknologi blir gjerne delt ut til folk som er i ein svært sårbar situasjon og kor det er heilt på marginane at dei kan greia seg sjølv. Helsesituasjonen kan endra seg svært raskt, og teknologien kan ikkje ta hand om den endra situasjonen.

Foto: Torbjørn Moe Eggebø

4 Responses to “Aldring, teknologi og sosiale relasjonar”

  1. Torbjørn

    Dette var veldig bra
    Du bør sende det inn til KOMP slik at de kan bruke det som reklame
    Mange vil ha glede av KOMP, men få kjenner til den

  2. Inger Lien Røe

    Veldig interessant lesing, særlig de etiske aspektene! 👏👍

  3. Helga Eggebø

    Ja, eg syns det var ein veldig interessant og relevant artikkel, den om det etiske rammeverket. Den traff spikeren på hovudet og sette ord på mykje av det eg har tenkt i møte med entusiasmen for velferdsteknologi.

  4. Helga Eggebø

    Eg delte på Twitter og merka dei, men elles var det ikkje først og fremst gratis reklame som var føremålet.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

  Posts

June 23rd, 2022

Kva burde tordivelen?

Heilt frå eg vakna den morgonen kokte hovudet over av alt eg burde ha gjort. Eg må hugsa å kjøpa […]

June 10th, 2022

Å sjå ein snegl inn i augene

Eg hadde rusla ut mot Mørkvedodden for å vera litt i fred. Eg gjekk gjennom skogen, forbi kvitveisane og den […]

May 27th, 2022

Kva med å ta litt lett på det?

Ein kollega kom innom ein dag og fortalde at fleire av tekstane mine er trekt fram i boka “Kunsten å […]

May 27th, 2022

10 måtar å endra verda på sykkel

Kvar gong du kastar deg på sykkelen og suser nedover sykkelstien langs riksvegen reduserer du trafikkgrunnlaget for det neste vegprosjektet. […]

May 10th, 2022

Transportrevolusjon

Like før Ingeborg skulle byrja i barnehagen kjøpte eg meg elsykkel. Eg hadde høyrd mange tala entusiastisk om dette transportmiddelet, […]

May 3rd, 2022

Kom og få deg ein vaffel!

Farmor og farfar hadde alltid vaffelrøre ståande klar i kjøleskapet. For meg og brørne mine, som budde i nabohuset, var […]

April 26th, 2022

Å trøysta ho som skrik

Ingeborg hoppa opp av senga klokka 0500. “Dædig lalla”, erklærte ho. (Ferdig å lalla, det vil seia sova). Det er […]

April 20th, 2022

It’s for commercial purposes

Siste dagen i påska vart eg sitjande å jobba fordi eg heller ville på tur i finvêret som var meldt […]

February 25th, 2022

Samtalar med Steigen og Tana

Korleis kan me utvikla kvalitative metodar som legg til rette for gode faglege samarbeid? I denne spalta har eg delt […]

January 18th, 2022

Kjenner ho deg att?

Det er ikkje ofte forskingsartiklar får meg til å grina. Eg trur kanskje aldri det har skjedd før. Men då […]