Korleis er det å vera skeiv og innvandrar?

Det finst ei utbreidd oppfatning om at det er vanskeleg – eller beintfram farleg – å vere skeiv i ein del innvandrarmiljø. Desse blir rekna for å vera gammaldagse og prega av sosial kontroll. Etnisk norske, derimot, blir sett på som moderne, likestilte og homotolerante.

Me finn denne oppfatninga igjen i det offentlege ordskiftet etter terroråtaket mot skeive utestader i Oslo den 25. juni: Mange ser på åtaket som eit bevis på muslimars intoleranse og hat mot homofile. Men det finst også motstemmer – skeive som sjølv har muslimsk bakgrunn og kjemper mot både homofobi og rasisme.

I eit av bidraga i den nye boka «Skeiv lokalhistorie» har me analysert forteljingar om korleis det er vera skeiv med innvandrarbakgrunn. Fleire fortel at det er vanskeleg å vera skeiv innvandrar på grunn av homofobi, og at dei berre er opne overfor etnisk norske personar, eller at dei ikkje er opne i det heile av frykt for sanksjonar.

I ei undersøking blant skeive med innvandrarbakgrunn svarte ein av tre at dei kjende seg ekskluderte frå miljø med same landbakgrunn.

Men mange av dei me prata med, fortel ei anna historie – om at det ikkje er homofobi i innvandrarmiljøa som er det største problemet, men etnisk diskriminering og rasisme i det norske samfunnet.

Fleire fortalde om etnisk diskriminering på arbeids- og bustadmarknaden. Andre opplevd rasistisk motivert vald, til dømes ei kvinne i 20-åra med familiebakgrunn frå Vest-Afrika: «Eg vart banka opp av nynazistar då eg var tenåring. Menn på gata har gjeve meg ein på trynet fordi eg seier at eg ikkje er til sals. Eg har opplevd mykje vald».

Fleire fortalde om trakassering, fetisjering og vald på skeive utestader og datingplattformer, eller å føla seg ekskludert frå skeive organisasjonar og sosiale miljø på grunn av etnisitet og hudfarge. Å kjenna seg ekskludert frå skeive miljø kan dessutan vera særleg problematisk, fordi ein gjerne har ei forventing om å høyra til og finna støtte der.

Irsa, ei skeiv kvinne i starten av 40-åra med familiebakgrunn frå Midtausten, understreka at for ho var det ikkje familien eller innvandrarmiljøa som var problemet: Ho hadde berre opplevd støtte og aksept frå familien då ho kom ut som skeiv. For ho var det i fellesskapa med andre personar med innvandrarbakgrunn – særleg dei som også er skeive – at ho kjende tilhøyrsle og tryggleik.

Andre igjen fortalde om både rasisme og homofobi. Ein homofil mann i 30-åra med bakgrunn frå Aust-Afrika fortalde: «Dersom me hadde vore velkomne i det kvite skeive miljøet, kunne eg teke sjansen på å bli avvist i det etniske minoritetsmiljøet. Men eg kan ikkje ta sjansen på å bli avvist begge stader, og derfor har eg teke eit steg tilbake [og er mindre open].»

Historier som bryt med vanlege oppfatningar, blir gjerne ikkje oppfatta som truverdige. Ein homofil mann frå Midtausten fortalde at folk tok han for å vera frå Sør-Europa: At ein mann frå Midtausten kunne ha langt hår, piercing og leva skeivt, verkar utenkjeleg.

Ei skeiv kvinne med familie frå Midtausten fortalde at dei fleste ho møtte, var overtydde om at familien ikkje aksepterte at ho levde skeivt. Dei trudde ho beintfram ikkje når ho sa at både brørne og faren alltid hadde vore støttande. Ho kommenterte: «Bror min er med i Pride kvart år, men han må barbera av seg skjegget for at ikkje folk skal tru at han er homofob.»

Dei siste åra har skeive med innvandrarbakgrunn samla seg i organisasjonar som Skeiv Verden og Salam, og sjølve fortalt om korleis det er å vera skeiv og innvandrar. Homofobi og transfobi eksisterer i både majoritetsmiljøa og minoritetsmiljøa i Noreg, og det er ikkje berre er majoritetsnorske som lever skeive liv.

Denne teksten vart først publisert i Bergens Tidene, 20. september.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content