Aktivitet og fellesskap blant eldre

Då eg og kollegar intervjua eldre i Steigen og Tana for fem år sidan, identifiserte me eit udekka behov for aktivitet og fellesskap blant mange av dei gamle som fekk kommunale helse- og omsorgstenester. Det er ikkje berre i Steigen og Tana at det er slik. Av Stortingsmeldinga «Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre» går det fram at tilrettelegging for aktivitet og fellesskap er et område der dagens tilbod til eldre ofte sviktar. Derfor er dette 1 av 5 hovudinnsatsområde for reforma.

Bålet og kokekaffe i svartkjele er eit godt samlingspunkt for folk i Tana. Foto: Mariann Johansen Lindi.

Aktivitet og fellesskap er eit heilt grunnleggjande menneskeleg behov, og det kan vera snakk om heilt daglegdagse aktivitetar som å koka kaffi, henta posten, gå på besøk eller gå ein tur i nærområda. Når me snakkar om aktivitet og fellesskap som ein del av eldreomsorga, så anerkjenner me at mange av oss vil ha behov for hjelp og støtte frå andre for å ha tilgang til aktivitet og fellesskap når me blir gamle. Det må vera ein del av omsorga.

Det er mykje god omsorg i ein kaffikopp. Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Sosial omsorg

Eg og kollegar har kalla tilrettelegging for aktivitet og felleskap for «sosial omsorg»: «Det å anerkjenna brukaren som eit heilt menneske, og leggja til rette for meningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar».

Omgrepet sosial omsorg liknar dermed det som Tom Kitwood har kalla personsentrert omsorg. (Det er omsorgspraksisar som held oppe identiteten og sjølvet, og gjer det mogleg for folk å nytta evnene sine, uttrykka følelsar og ha relasjonar til andre). Personsentrert omsorg står sentralt i nyare politiske føringar på omsorgsfeltet. Men, det er likevel liten tvil om at det er behov for ein sterkare innsats her.

Steigen og Tana har i løp av de siste åra gjennomført kvart sitt prosjekt for å styrka den sosiale omsorga i tenestene. I Tana har prosjektleiar Mariann Johansen Lindi og teamet hennar oppretta møtestadar i bygdene – bygdekafear – for å leggja rette for aktivitet og fellesskap blant eldre som bur heime. I Steigen har Ann Rita Vestvatn og hennar team arbeidd for at omsorgstenesta i kommunen systematisk skal leggja til rette for aktivitet og fellesskap i sitt daglege arbeid med brukarar på sjukeheimar, omsorgsbustader og i heimetenesta.

Allsang er eit viktig innslag på bygdekafeane i Tana. Foto: Mariann Johansen Lindi.

Nordlandsforskning har følgd arbeidet i kommunane over fleire år, både før, under og etter pandemien. Me har følgd prosjektleiarane tett gjennom samtaleseriar som har gått føre seg gjennom heile prosjektperioden, intervjua andre tilsette og frivillige og analysert sentrale dokument.

Korleis kan kommunar leggja til rette for aktivitet og fellesskap i eldreomsorga? Kva strukturelle og kulturelle faktorar er det som fremjar eller hindrar sosial omsorg? Desse viktige spørsmåla har me forsøkt å svara på i prosjektrapporten.

Kaffekoppen – eit møte mellom menneske

Noko så enkelt som å ta ein kopp kaffi i lag er det vanlegaste dømet på aktivitet og fellesskap i eldreomsorga, i følgje våre data. Som ein av dei tilsette sa: “Det er mye god medisin over en kopp kaffe ved kjøkkenbordet. Det er veldig behov for at noen setter seg ned og prater med dem”.

Å invitera på kaffi er det mest grunnleggjande uttrykket for gjestfridom i Noreg, jamfør sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen. Foto: Mariann Johansen Lindi.

I Steigen var det vanleg at heimehjelpene tok seg tid til ein kopp kaffi i løp av arbeidsøkta. Kva har denne kaffipausen med omsorg å gjera? Å ta ein kopp kaffi er – som sosioalantropologen Thomas Hylland Erisken har skrive – ei sosial handling som innebærer at ein snakkar i lag, fortel og lyttar til den andre. Det er ein måte å byggja relasjonar på og i eldreomsorga kan vera eit høve til å få viktig informasjon om helsetilstand og omsorgsbehov. På denne måten kan kaffikoppen vera ein heilt essensiell del av omsorgsarbeidet. Derfor er det veldig problematisk når omsorgsarbeidarar i mange samanhengar er så pressa på tid at det ikkje går an å setja seg ned og snakka med dei ein skal yta omsorg for. For korleis kan ein yta omsorg dersom ein ikkje har tid til å sjå, spør og lytta?

Foto: Mariann Johansen Lindi.

Kaffikoppen kan vera eit spontant møte mellom tilsett og brukar. Men det kan også vera ein organisert arena for aktivitet og fellesskap, slik som bygdekafeane i Tana. Fleire studie har vist at slike lågterskeltilbod kan ha stor helsefremjande effekt, og det var også tydeleg i Tana. Prosjektleiar fortalte:

Populære bygdekafear

«Det er blitt veldig populært med bygdekafeene. Vi har blitt som et ambulerende dagsenter som reiser rundt. Ei kvinne sa at hadde det ikke vært for oss så hadde hun blitt sittende der hjemme. Hun er alene og sitter og surrer med sine egne tanker og da er det godt å komme seg ut. Hun er enda for frisk til å få plass på kommunalt dagsenter».

Som prosjektleiar peikar på er det heilt essensielt å ha eit tilbod også til personar som ikkje har ein alvorleg diagnose. Å koma seg ut og ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er avgjerande for den psykiske og fysiske helsa. Det er helsefremjande.

Tilknyting til naturen

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Mange av aktivitetane det blir lagt til rette for i eldreomsorga i Steigen og Tana er knytt til naturen og nærmiljøet, til havet, fjellet og jorda. Å reinska bær, dra på fisketur, ta opp poteter, røyka reinkjøt og laga mat i lag blir skildra som viktige og meiningsfylte aktivitetar. Ei av dei tilsette fortalde denne historia:

Den der fine turen!

«Det var overkommelig vær med åtte varmegrader, og da pakket vi i bilene og reiste til et vann i nærheten av hovedveien. Jeg fikk med meg en hjelper og så hadde vi åtte stykker med oss på isfiske. Det er gapahuk der og vi har kjøpt mange lukkhaer som det heter på samisk, sånn cape, og luer og votter og kjøredresser og scootersko. For at ingen skal kunne si at de ikke har klær til å dra ut. Vi ordnet bål og grillet pølser. Så dro vi ned til vannet og borra hull i isen og de fikk sitte og pilke. Vi var ikke så heldig at vi fikk fisk, men de snakka om turen i flere dager. Den der fine turen, hvor heldige vi var med været. Det var litt nordøst, men de brydde seg ikke om det. De koste seg, har tatt bilder og vist de pårørende hva vi holder på med. De gledet seg, og noen hadde så lyst til å ha på seg lukkha. Det var som et smykke å ha på seg. Og så kommer minnene om klær de har hatt og fisketurer de har vært på. Så det var jo en veldig fin tur».

Foto: Helga Eggebø.

Denne fisketuren er eit godt døme på kva ein kan ein kva det er mogleg å leggja til rette for også med ei gruppe brukarar som er svært gamle og både fysisk og kognitivt svekka.

Foto: Mariann Johansen Lindi.

Men det finst også mindre krevjande aktivitetar som likevel gjev tilknyting til naturen og den kunnskapen folk har i kroppen etter eit langt liv. Folk me har intervjua fortalde om å planta rabarbra på balkongen på omsorgsbustaden, om å bøta garn på dagsenteret og om å ta med ei bøtte ureinska blåbær som ei gruppe kvinner reinska i lag på sjukeheimsavdelinga. Ein treng ikkje nødvendigvis dra på fisketur i lag for å dela kunnskap og minner. Ein kan sjå på bilete, halda reiskapane i handa, røra bæra til syltetøy eller tilbereda fisk i lag til eit felles måltid. Poenget er at desse aktivitetane gjev tilknyting til naturen, lokalsamfunnet og det livet ein har levd, og kunnskapen og minna sit i kroppen.

Meining og fellesskap i daglegdagse aktivitetar

Men det er viktig å understreka at aktivitet og fellesskap ikkje berre handlar om å koma seg ut og gjera noko anna enn dei daglege rutinane. Heilt daglegdagse oppgåver kan vera meiningsfylte aktivitetar og gje rom for å byggja sosiale relasjonar. Å hjelpa nokon med å dusja er ei praktisk oppgåve, men kan også vera eit meningsfylt og viktig møte med eit anna menneske. Ein stad kor ein blir sett og høyrd og kjenner at nokon bryr seg.

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Dei tilsette forklarte dessutan korleis det sosiale og relasjonelle omsorgsarbeidet kunne vera ein føresetnad for at folk tar imot praktisk og medisinsk hjelp.

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Ein omsorgsarbeider i Tana fortalde: «Det er mange ungkarer som har vært mye alene. Da må jeg ofte bruke lang tid på å komme innpå dem. Etter hvert får jeg hjelpe til med medisinen. De avviser ofte hjelp først, de vil klare seg selv. Det tar tid å få dem til å ta imot hjelp».

Struktur for sosial omsorg

Det manglar ikkje gode døme på korleis ein kan leggja til rette for aktivitet og fellesskap blant eldre, anten folk bur heime, på omsorgsbustad eller på sjukeheim. Men utfordringa – som også stortingsmeldinga «Leve hele livet» peikar på – er at tilrettelegging for aktivitet og fellesskap er lågt prioritert. Det blir gjerne litt tilfeldig og opp til den einskilde tilsette om dette er ein del av omsorgsarbeidet eller ikkje. Målet med prosjektet i Steigen var å laga eit betre system, ein betre struktur for sosial omsorg. Som eit ledd i dette gjorde prosjektleiar ein stor jobb med å

  • koordinera ulike aktivitetar i regi av frivillige og informera om desse gjennom ein
  • aktivitetskalender
  • Jamleg kartleggingssamtale med alle brukarar om kva dei saknar og kva dei ønskjer seg
  • Sørgja føre at kvar brukar har ein fast primærkontakt og at tilrettelegging for aktivitet og fellesskap er ei klårt definert oppgåve for primærkontaktane
  • Samarbeida med tildelingskontoret om å få tilrettelegging for aktivitet og fellesskap inn i vedtaka.
Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Men, arbeidet med å laga ein betre struktur for sosial omsorg viste seg å vera krevjande av fleire grunnar. For det første har helse- og omsorgstenesta i Steigen og Tana vore prega av stor utskifting av både tilsette og leiarar, stadige omorganiseringar og mykje sjukefråvær. Ikkje ulikt situasjonen i mange andre kommunar.

Prosjektleiar måtte først gjera eit grundig arbeid med å få på plass personalmøter, arbeidslister, rutinebeskrivelsar og god journalføring. For å styrka den sosiale omsorga måtte der først etablerast struktur og verktøy ein kan implementera dei nye praksisane i.

Omsorg for dei tilsette

Dessutan var det viktig å forankra arbeidet blant dei tilsette og skapa tryggheit i jobben. Som prosjektleiar fortalde:

«De ansatte føler seg ikke sett eller hørt. Det er en slags sorg, en arbeidssorg. Man bruker en tredjedel av døgnet på jobb, og det er så viktig at man føler seg sett. Jeg sitter og lytter og sier «jeg hører hva du sier» og bekrefter og støtter dem. Det er først når man blir sett, hørt og anerkjent for den jobben man gjør at man har lyst til å gjøre en god jobb. Mange kan også komme til meg å snakke, fordi jeg tar tak i ting og legger til rette for trygge veier når de står fast. Dersom de under morgenrapporten er uenige og krangler, kan det ha konsekvenser for hvordan man møter brukerne. Spenningene vil ligge i kroppen og i måten man møter brukerne på. Brukerne vil ikke nyte godt av oss dersom vi ikke selv har det bra og kjenner at vi har lyst til å gå på jobb og blir tatt vare på og respektert på jobb».

Dersom tid

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Då me arbeidde med analysane av samtaleserien forskargruppar har gjennomført i lag med prosjektleiar i Steigen, la me merke til at det var ei vending som stadig gjekk igjen, og det var «dersom tid». Som i dette dømet.

«Jeg prøver å snakke med folk om at jeg skjønner at det er travelt i hverdagen. Men vi skal skape en forståelse av hva vi kan gjøre når det er tid».

Prosjektleder erfarte at ho stadig måtte argumentera overfor leiarar og tilsette at det å leggja til rette for aktivitet og fellesskap var viktig og måtte prioriterast. Som prosjektleiar hadde ho ikkje mandat til å pålegga nokon å prioritera oppgåver annleis, utan å kunne visa til rutinar, rapporteringskrav og pålegg frå eit høgare hald.

Nasjonale myndigheiter må på bana

Arbeidet for å leggja til rette for aktivitet og fellesskap i eldreomsorga kan ikkje overlatast til den enkelte kommune, sjølv om det er i kommunane jobben må gjerast. Som Tobba Sudmann har peikar på i kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for «Leve hele livet» må nasjonale myndigheiter krevja at ein dokumenterer aktivitet og fellesskap på same måte som ein dokumenterer medisinering og kosthald. Elles kjem sosial omsorg alltid i andre rekke, etter at alt det andre eventuelt er gjort. Dersom man har tid.

Å sjå og lytta til den andre

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

Strukturar og gode rutinar er naudsynt for at sosial omsorg skal bli ein integrert del av eldreomsorga. Men å jobba med menneske og yta omsorg er alltid meir komplisert enn å følgja ein rutine. Ein av prosjektleiarane fortalde ei historie som illustrerer dette.

Som en del av interessekartleggingen på omsorgsboligene, hadde jeg en samtale med en stille mann. Han gjør ikke så mye ut av seg. Vi snakket sammen og jeg sa hvorfor jeg gjerne ville snakke med han. «Trives du? Hvordan har du det her?» spurte jeg. «Jeg har det nå godt, men….» Svarte han. «Men hva?» spurte jeg. Han svarte at han av og til føler seg ensom og fortalte at han skulle ønske at han kunne bestemme selv hva han skulle ha på seg. «Har du sagt det til de som jobber her»? spurte jeg. Nei, det hadde han ikke. Da sa jeg at jeg skulle snakke med primærkontakten slik at de kunne gå gjennom klesskapet sammen og henge fram det han liker best. Han var en veldig reflektert mann, men poenget er at det betyr noe hvordan du spør spørsmålene.

For denne mannen var det å sjølv bestemma kva han skulle ha på seg viktig for å kunne vera seg sjølv, halda fast i sin eigen identitet og kjenna autonomi. Dette er viktige element i det Kitwood har kalla personsentrert omsorg. Fleire andre forskingsarbeid har vist at noko så daglegdags som påkledning kan ha nettopp slike viktige og eksistensielle funksjonen i kvardagslivet.

Å vera sensitiv og lydhøyr er naudsynt for å gje god omsorg. Det er også ein kompetanse det tek tid å byggja opp. Å ta vare på erfarne og kompetente tilsette er derfor noko av det viktigaste leiarane i helse- og omsorgssektoren kan gjera for å ivareta den sosiale omsorgen.

Foto: Mariann Johansen Lindi.

Å leggja til rette for aktivitet og fellesskap i eldreomsorga er heilt essensielt for helse og livskvalitet, og det er eit arbeid som både stat og kommune må ta ansvar for i fellesskap. I forskings- og innovasjonsprosjektet i Steigen og Tana skildrar me – med ord og bilete – korleis sosial omsorg kan gjerast og kvifor det er ein så viktig. Erfaringane frå desse to kommunane peikar også på nokre generelle utfordringar i arbeidet, nemleg at det manglar klare føringar og strukturar for å prioritera aktivitet og fellesskap. Det manglar også eit systematisk arbeid på organisasjonsnivå for å utvikla ein kultur som anerkjenner, verdsett og utviklar kompetansen til å sjå folk og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar.

Kjelde: Aktivitet og fellesskap blant eldre. Erfaringaer med sosial omsorg i Steigen og Tana/Deatnu.

Teksten er basert på eit føredrag ved eit seminar i regi av Helsedirektoratet 19. august 2022.

Illustrasjonsbilete: Karoline O.A. Pettersen og Mariann Johansen Lindi.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content