Kortreist kvalitetsmat

Sjølv om grønnsaksdisken på Coopen er begredelig samanlikna med bugnande importbutikkar på austkanten av Oslo, har eg aldri ete så godt som etter at eg flytta til Steigen.

IMG_5583

Den enorme tilgangen på kortreist kvalitetsmat frå havet, fjellet og gardane her eg bur, kompanserer glatt for at der ikkje er okra, pasjonsfrukt, mango og steikebananer og så bortetter. Her er oskjell, blåskjell, blåbær, sopp, fisk og vilt lett tilgjengeleg i store mengdar.

IMG_6976

Og ettersom det er lengre til butikken og ingen restaurantar her, lagar eg stort sett maten frå grunnen av, basert på skrei, kveite, villsau eller elg som eg har i frysaren. Dette blir det god, sunn og billig mat av. For ein matentusiast er det dessutan sabla kjekt å laga mat når ein kan fråtsa i fabelaktige råvarer.

IMG_6952

På sønadag til dømes, laga eg middag råvarer produsert maks to kilometer frå huset mitt: Villsauen og mandelpotetene er frå naboen. I tillegg var det sesongstart på matauk; eg sanka mengder av brennenesler og løvetannknoppar rett rundt huset. På menyen stod grilla lammeribbe, mandelpotetmos med eit hint av chili, smørsteikt brennenesle og lune løvetannknoppar vendt i fransk vinagrette. Til dessert vart det suppe, kokt på vårklassikaren rabarbra.

IMG_7016

I det siste er det blitt svært så populært å samla etande skot og friske grøne planter om våren, har eg lest. Eg har lenge vore klar over at brennenesler og løvetann er etande, men har tenkt at er noko vel protestantisk, eventuelt hippieaktig,  i å eta ugras som grønnsaker. Skepsisen kan henga saman med at pappa lurte meg til å drikka kjerringrokkte som barn. Han sa at teen gjorde at du aldri meir vart sjuk, og eg gjekk på limpinnen. Eg hugsar det smakte veldig vondt.

IMG_7047

Men så viste det seg altså at brennenesle ikkje berre er lett tilgjengeleg, men også veldig godt! Eg syns faktisk det er betre enn spinat (ein av dei grønnsakene eg sjeldan får tak i her), fordi ein ikkje får den emne metalliske smaken i munnen som spinat gjerne framkaller. Løvetannknoppane er litt bitre, sjølv når dei er forvella. Men vinagrette fjerner den bitterheita, og resultatet vart utsøkt, om eg skal seia det sjølv.

IMG_7059

Og med dette er mataukmanien utvida og varer frå tidleg sommar til langt utpå hausten. Det kan bli mange seine kveldar og mykje sliten rygg i iveren og begeistringa etter å fylla frysaren med det naturen har å by på.

IMG_7027

Foto: Helga Eggebø.

1 thought on “Kortreist kvalitetsmat”

  1. Pingback: Naboens hane i vin - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content