Som du roper i skogen

Kunnskapsgrunnlaget for kommunereforma får meg til å lura på om kvinner og Nord-Noreg finst som ein del av Kommune-Noreg, eller om landet vårt består av menn og Oslobuarar. Eg skriv om kommunereforma i Klassekampen i dag. 

Forsking og utgreiingar legg premissar for politiske vedtak og reformer. Samtidig legg politiske avgjerder premissar for kva kunnskap ein bestiller. Kommunereforma er eit typisk døme. For det første er retorikken i utgreiinga som kommunalministeren har bestilt er påfallande lik regjeringserklæringa. For det andre har ho to vesentlege manglar som kjem til å få konsekvensar for utfallet; det dreier seg om geografi og kjønn.

Utgreiinga Kriterier for god kommunestruktur seier lite om korleis det omorganiserte kommune-Noreg kan tenkjast å sjå ut i framtida. Utvalet har konsentrert seg om å finna fram til 17 kriterium som skal liggja til grunn for reforma. Utvalet gjer nokon sporadiske konkretiseringar av kva utfall prinsippa skal få. Så godt som alle desse handlar om Osloregionen, og i nokon få tilfelle om dei andre storbyregionane. Det finst derimot ikkje ei einaste konkret vurdering av kva konsekvensar dei føreslåtte prinsippa kan tenkjast å få for Nord-Noreg.

Eit døme er den konkrete vektinga av prinsippet om at ein integrert arbeidsmarknad bør vera éin kommune, mot prinsippet om lokaldemokrati. Her peikar utvalet på det faktum at Oslo og dei omliggande kommunane er éin integrert arbeidsmarknad. Ut i frå dette bør kommunane i Osloområdet (Skedsmo, Lørenskog, Oppegård, Asker, Bærum, Nittedal, Ski, Nesodden) bli éin kommune. Men, konkluderer utvalet, det bør ein ikkje gjera av omsyn til lokaldemokratiet.

På same måte kunne det vore gjort ei konkret vurdering av korleis prinsippet om minimum 15.000-20.000 skal vektast mot prinsippet om lokaldemokrati i Finnmark. Det skriv utvalet ingen ting om, men ein får ei bestemt kjensle av at når det gjeld småkommunane i Utkant-Noreg, må prinsippet om lokaldemokrati vika for prinsippet om ”robuste” tenester og større fagmiljø.

Oslosentrisme og usynleggjering av Nord-Noreg er ein vesentleg mangel ved kunnskapsgrunnlaget. Geografiske nemningar som Nord-Noreg, Nordland, Troms, Finnmark, eller andre stadnamn i regionen er faktisk ikkje nemnt i utgreiinga. Sentrum-periferi er ein viktig konfliktdimensjon i norsk politikk, det burde ikkje vera vanskeleg å forutsjå denne typen kritikk. Men ekspertutvalet har altså gått rett i baret på dette punktet.

Ein annan vesentleg mangel er at utgreiinga ikkje tek høgde for at reforma vil ha ulike konsekvensar for menn og kvinner. 78 prosent av dei tilsette i kommunal sektor er kvinner. Det er altså først og fremst kvinner, ei gruppe det allereie er underskot av i mange utkantkommunar, som vil eventuelt vil mista jobben eller tvingast til å flytta. Men ettersom familiar i Noreg i dag treng to inntekter, vil sentralisering av typiske kvinnearbeidsplassar fort føra heile familien på flyttefot.

Slike vurderingar er ikkje i seg sjølv eit argument mot kommunesamanslåing, men det er vesentleg informasjon for å gjera gode vurderingar. Det er ein grunn til at utgreiingsinstruksen, som legg føringar for departementa sitt arbeid med reformer og lovendringar, tilrår at ein alltid vurderer likestillingskonsekvensar. Informasjon om kjønnsskilnader i demografi, sysselsetting og bruk av offentlege tenester er vesentleg for godt reformarbeid.

I eit demokratiperspektiv er det dessutan viktig at ulike befolkningsgrupper er representerte i dei politiske prosessane. I min eigen kommune, Steigen, har det blitt retta kritikk mot samansetninga av arbeidsgruppa kommunestyret har sett ned for å utgreia samanslåing. Gruppa består av 5 menn over 50 år. Ein ting er at utvalet etter alt å døma er ulovleg samansett ut i frå lovar om kjønnsrepresentasjon. Eit anna spørsmål er om ei slik samansetning er særleg klok.

Avisa Nordland kommenterte at mangel på kvinner i kommunereformarbeidet tyder på at lokaldemokratiet i småkommunar som Steigen forvitrar, og at bykommunen Bodø er betre på kvinner og likestilling. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser derimot at det ikkje er nokon klar samanheng mellom kommunestorleik og kjønnssamansetning i kommunestyret. Medan Bodø har eit relativt kjønnsbalansert kommunestyre, er mannsdominansen sterk i Narvik. Medan Steigen, Sørfold og Nesna har jamnare kjønnsbalanse enn Bodø, står det dårleg til på Dønna og i Hemnes.

Kjønn og geografi er viktige aspekt ved kommunereforma. Ekspertutvalet burde ha gjort konkrete vurderingar av kva konsekvensar reforma reint faktisk vil ha å seia for ulike deler av landet og for ulike grupper i befolkninga. Ettersom sentrale myndigheiter ikkje har greidd å framskaffa relevant informasjon om dette, er det viktig at kommunane sjølv skaffar seg systematisk kunnskap om kva konsekvensar samanslåingar vil ha for menn og kvinner i eigen kommune.

Innlegget var først trykt i Klassekampen 4. juni 2015

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content