Kva er problemet?

Opp gjennom åra har eg forska mykje på politikk, lovar og reguleringar. Særskilt innvandringspolitikk, men også likestillingspolitikk, velferdspolitikk og klimapolitikk. Den metodologiske tilnærminga eg syns har vore mest nyttig tek utgangspunkt i eit spørsmål: Kva er “problemet” som, direkte eller indirekte, blir skildra i denne teksten?

Professor emerita Carol Lee Bacchi, har utvikla ei tilnærming til politikkanalyse som ho har kalla «What’s the Problem Represented to be?» approach (WPR approach). Det grunnleggande poenget i denne tilnærminga er at politiske og sosiale problem blir til gjennom løysingane som blir føreslått. Når ein skal analysera politikk er det derfor heilt essensielt å spør korleis eit bestemt problem blir forstått.

Korleis blir klimaproblemet forstått?

Ei kvar løysing tek utgangspunkt i ei eksplisitt eller implisitt forståing av problemet, og på den måten får problemet ei bestemt form. Norsk klimapolitikk kan tena som døme: I dei stortingsmeldingane som er lagt fram dei siste åra, blir ny teknologi fremja som ei heilt sentral løysing på klimakrisa. Overgangen frå fossilt drivstoff til elbilar blir skildra som døme på ny og klimavennleg teknologi. I tillegg blir framtidig teknologi – og rask teknologisk utvikling – skildra som ei viktig løysing.

Problemforståinga som ligg til grunn for desse løysingane er at mykje av den teknologien som er i bruk i dag, til transport og produksjon, er gamaldags, utdatert og lite klimavennleg. Stortingsmeldingane inneheld også skildringar av ei heil rekke andre løysingar og “problem” , og det er akkurat desse Bacchi oppfordrar oss til å leita etter med utgangspunkt i spørsmålet «Kva er problemet?»

Michel Foucault og Seksualitetens historie

«Kva er problemet?»-tilnærminga har røter i poststrukturalistisk og feministisk teori. Arbeida til Michel Foucault er den teoretiske berebjelken metoden kviler på. I det banebrytande verket «Seksualitetens historie», gjorde Foucault ei grundig historisk analyse av våre forståingar av seksualitet i tidlegare tider. Det har vore vanleg å seia at seksualiteten var undertrykt, tabuisert og kringsett av forbod på 1600-talet og utover. Foucault stilte seg kritisk til denne skildringa, og viste at forboda vart opphav til ein kultur der ein skildra seksualitet i detalj gjennom bekjennelsar og skriftemål. Maktinstitusjonar som kyrkja viste ein påfallande «vilje til viten» om nettopp seksuelle praksisar som dei ville forby. Makt handlar ikkje først og fremst om å nekta og forby, men å setja ord på, utvikla eit språk for og på denne måten auka nettopp den usømelege talen dei ville forby. Makta er produktiv, og Foucault var interessert i å undersøkja og skildra samanvevinga av kunnskap og makt i dei institusjonane som forsøkte å regulera seksualiteten.

Kva tid oppstod desse problemforståingane?

Språk er makt på den måten at det formar og skapar institusjonar, reguleringar og praksisar. Det er gjennom tekst og tale at verda slik me kjenner ho og forstår ho blir til. Ved å undersøkja historiske endringar i nettopp forståingar av kva seksualitet er, blir det klart at dei forståingane som dominerer i dag har vore og kunne vore annleis. Problematiseringar kan og bør undersøkjast kritisk ved å spora kor dei kjem ifrå. Dette er hovudpoeng frå Foucault som Bacchi bygg vidare på.

Røynda kan ikkje reduserast til språk

Påstanden om at bestemte «problem» blir til gjennom språk, politikk og institusjonelle praksisar, betyr ikkje at verda der ute kan reduserast til språk. At seksualiteten vart forsøkt undertrykt på 1700-talet er sant nok det, skriv Foucault, men det er ikkje det einaste som føregjekk på seksualitetens område, og ikkje den mest treffande måten å skildra seksualitetens historia på. Det er sjølvsagt heller ikkje sånn at klimakrisa berre er ein språkleg konstruksjon. Isen på Antarktisk og Grønland smeltar, skogane brenn og folk dør medan temperaturane stig jamt og trutt. Men måten me forstår desse problema på har materielle effektar, og dette er det verd å undersøkja kritisk.

Kva er problemet?-tilnærminga har altså eit solid teoretisk fundament, og Bacchi argumenterer for at ho med dette utgangspunktet har utvikla eit nytt paradigme å tenkja med. Det vanlege, både innanfor forsking og politikk, er å tenkja med utgangspunkt i problemløysingsparadigmet. Innanfor dette paradigmet er eit problem noko som berre finst, og jobben er å finna «bevis» på kva som «fungerer» til å løysa det aktuelle problemet. Noregs forskingsråd til dømes, har i det siste definert ei rekke «problem» som dei vil at forskinga skal ta «oppdraget» med å løysa. «Å motverka utanforskap» er eit slik samfunnsoppdrag som dei lyser ut pengar for å løysa.

Alternative skildringar

Med «Kva er problemet?»-tilnærminga skulle me ikkje berre gripa pengane, ta oppdraget og forsøkja og løysa «problemet». Me skulle undersøkt kva for løysingar som blir føreslått i ulike tekstar og av ulike institusjonar, og spurd kva for eit «problem» desse «løysing» skal bøta på. Kor kjem problemet «utanforskap» frå? Kva tid oppstod dette som eit sosialt og politisk problem? Finst det andre måtar å forstå “problemet” på enn det som blir skildra i offentlege politiske dokument? Kva effektar får dei aktuelle problemforståingane for politikk, praksis i skulen, for elevar og foreldre? Korleis er det me prøver å «fiksa» dei som tek del i «utanforskapet?»

Det finst ei liste med spørsmål!

Dette kan visa seg å vera kompliserte spørsmål, og viljen til å stilla dei bygg altså på poststrukturalistisk teori i arven etter Foucault. Dette er teoretiske perspektiv som det kan vera utfordrande for mange av oss å forstå og gripa. Men Bacchi kombinerer heldigvis det teoretiske med ei heilt konkret liste med analytiske spørsmål å ta utgangspunkt i når me starta på analysearbeidet. Dette kan vera særleg nyttig for dei av oss som skal analysera politiske dokument for første gong, men det er også ei veldig god og konkret rettesnor for dei av oss som har gjort det før. Her er lista (i 2016-versjon):

  1. Korleis blir problemet forstått i dei dokumenta du analyserer? (til dømes klimakrisa, utanforskap blant barn og unge, flyktningkrisa og så bortetter)
  2. Kva for meiningar og føresetnader er det som ligg til grunn for denne forståinga av «problemet»?
  3.  Korleis har denne forståinga av  «problemet» oppstått?
  4. Kva er det som ikkje blir problematisert i tekstane? Kunne «problemet» blitt forstått på ein annan måte?
  5. Kva for effektar har denne problemforståinga? (Diskursive effektar, effektar for korleis folk lever liva sine og forstår seg sjølv, materielle effektar og så bortetter)
  6. Kor og korleis har denne problemforståinga blitt skildra og forsvart? Er det nokon som har protestert mot denne, eller presentert andre forståingar av problemet?
  7. Still ale desse spørsmåla til dine eigen forståingar av «problemet».

Med desse spørsmåla som rettesnor er «Kva er problemet?»-tilnærminga både enkel og veldig vanskeleg å gjennomføra. På den eine sida er lista med spørsmål veldig konkret. Start med å finna «løsyinga» som blir skildra i teksten, anten det er ei stortingsmelding, eit lovforslag, eit forslag presentert i avisa av eit politisk parti, ein kommunal handlingsplan og så bortetter. Deretter les du teksten for å finna dei problemforståingane som ligg til grunn for «løysinga». Det er berre å gå i gang!

Kor leitar du etter alterantive problemforståingar?

Men på den andre sida er det kanskje ikkje så enkelt likevel. For å finna ut korleis ei bestemt problemforståing har blitt til, har eg som regel måtta leita andre stader enn i den aktuelle teksten:

  • Eg har til dømes leita i FN-dokument, EU-dokument og nordiske dokument for å finna ut kor nokre av problemforståingane i norske klimapolitiske dokument kjem ifrå.
  • Anne Staver og eg har eg leita i gamle lovtekstar, representantforslag eller bede om innsyn i brev som Utlendingsdirektoratet har sendt til Justisdepartementet for å spora problemforståingar, og finna ut korleis problemforståingane har endra seg over tid.
  • Anne og eg har også brukt høyringssvara til sivilsamfunnsorganisasjonar for å kasta lys over protestar og alternative problemforståingar.

For å finna ut kva som ikkje blir problematisert, og korleis problemet kunne vore forstått annleis, treng me fantasi, kreativitet og fagkunnskap. Det krev grundig gravearbeid for å relevante kjelder til alternative problemforståingar.

Ikkje minst er det utfordrande å undersøkja våre eigne problemforståingar, det me sjølv legg til grunn og tek for gjeve. Det er ikkje enkelt å gjera gode analysar sjølv med ei liste med konkrete spørsmål. Det er ingenting anna å gjera enn å prøva og øva. Ingen blir god utan å øva.

Les meir

  • Læreboka frå 2009 er ein fin stad å byrja: Bacchi, C. L. (2009). «Analysing policy : what’s the problem represented to be?” Frenchs Forest, N.S.W., Pearson Australia.
  • Denne boka er også eit nøkkelverk kor du finn den lista med spørsmål eg har omsett i denne teksten (på slutten av kapittel 2): Bacchi, C. and S. Goodwin (2016). “Poststructural Policy Analysis: A Guide to Practice”. New York, New York: Palgrave Macmillan US.
  • Carol Bacchi si eiga liste over utvalde referansar (her er to av mine!)
  • Ikkje minst vil eg tilrå bloggen til Carol Bacchi, kor ho heile vegen utviklar tenkinga vidare og skriv tekstar kor ho grunnar over spørsmål ho har fått om metoden. Her finn du også korte introduksjonstekstar, videoar og andre lett tilgjengelege tekstar om «Kva er “problemet”?»-tilnærminga: www.carolbacchi.com
  • Eg har nytta denne tilnærminga i fleire artiklar som handlar om innvandringsregulering, klima og likestilling:
    • Staver, Anne og Helga Eggebø (2023) «Everything but the marriage certificate: Unmarried partners in Norwegian immigration regulation», Social Politics: International Studies in Gender, State & Society, jxad005. DOI: https://doi.org/10.1093/sp/jxad005
    • Eggebø, Helga, Aase Kristine Lundberg og Mari Teigen (2022) «Gaps and Silences: Gender and Climate Policies in the Global North». Social Politics: International Studies in Gender, State & Society, https://doi.org/10.1093/sp/jxac032
    • Eggebø, Helga (2010) «The Problem of Dependency: Immigration, Gender and the Welfare state». Social Politics, 17(3), 295–322. doi: 10.1093/sp/jxq013
    • Eggebø, Helga og Anne Staver (2021) «Follow the money: Income requirements in Norwegian Immigration Regulations». I T. de Lange, A. Schrauwen, og W. Maas (red.), Money Matters in Migration: Policy, Participation, and Citizenship (s. 130–146). Cambridge University Press. doi: 10.1017/9781009042505.008

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content