Tante Jorunn pratar i telefonen. Fotograf: Helga Eggebø

Det eg fekk

Tre av blomane på den rosa pelargoniaen i vindauga mot nord hadde akkurat sprunge ut. Den sterke rosa fargen lyste opp i sterk kontrast til alt det grå på utsida. Grå hus, grå betong, grå asfalt, grått støv og grå skrentar der kor berget var sprengt bort for å gje plass til endå fleire hus. Eg tok meg tid til å sjå nærare på dei rosa blomane.

Ein lysande rosa fontene

Dei fem lyserosa kronblada hadde ein kraftig flekk av mørkerosa innerst som spruta fargen som ein fontene ut mot det lyserosa. Eg talde fem mørkerosa støvberarar i midten. Dei grøne blada på planten hadde fem bølgjande, mjuke og runde buar. Som fem forskjellige men samanvakse blad som spegla dei fem kronblada i blomen. Rundt dei rosa blomane hang fleire klasar med spirande knoppar. Det skulle snart koma fleire av desse lysande vakre blomane, og det gledde eg meg over i nokre minutt før eg gjekk på jobb den morgonen.

Rosebuketten

Tante Jorunn fortalde meg om blomane, og kor ho gledde seg over det som var vakkert. Ein gong fekk ho ein stor bukett med raude roser. Buketten stod på bordet og lyste opp dagen heilt til dei visna. Men medan rosene stod der i all si prakt, hadde nokon teke eit bilete og lagt ut på Kompen. «Dei rosene visnar aldri!» sa ho, og gledde seg over å sjå dette bilete på skjermen kvar einaste dag. Ho likte også godt eit bilete av Ingeborg i raud vinterdress og med eit lysande smil. «Det er nesten like fint som rosene», kommenterte ho med eit smil i stemma.

Eg kan ikkje klaga når eg er såpass når eg er så gamal. Eg greier meg sjølv

Eg kan ikkje klaga

Me snakka ein del på telefonen, tante Jorunn og eg. Ho fortalde frå kvardagen: «Eg er ikkje slik som eg var før. Men eg kan ikkje klaga når eg er såpass når eg er så gamal. Eg greier meg sjølv». Av og til nemnte ho at ho skulle ønskja at ho hadde hatt sine eigne born, og ho reflekterte over kvifor det hadde blitt slik at ho hadde levd livet åleine. Eg syns eg høyrde ei viss sorg bakom desse orda, men ho understreka også at ho hadde mange i livet sitt – alle etterkommarane etter dei sju søskena hennar.

Det er vakkert her

Ho sette pris på kvardagen slik han er. Ho la merke til det som lever og det som er vakkert: «Eg ser på utsikta og det er så vakkert å sjå innover dalen, på dei grøne markene og dei raude gardsbygningane. Det er fint her. Og blomane i vindauga er så vakre».

Dei rosene visnar aldri!

Læremeister

Tante Jorunn lærte meg noko om å vera glad og takksam over det som livet har å gje her og no. Eg må humra litt når eg tenkjer på kor mange podcastar eg har høyrd om «mindfullness», og det å vera til stades i kroppen og augneblinken, utan å få med meg at eg hadde tante Jorunn som læremeister.

No til dags tyr me til amerikanske psykologar for å læra; me forstår kanskje ikkje språket til dei gamle kvinnene og det dei har å læra oss yngre om å vera til stades i kvardagen og leggja merke til det som er vakkert og kjennest godt. Men om eg har vore litt tungnæm, så var det til sjuande og sist tante Jorunn som fekk meg til å forstå. Det er eg takksam for.

Godt å leva

Ein vårkveld sat eg i gyngestolen og såg på utsikta i blåtimen. Det vart ikkje heilt mørkt om kveldane lenger, så eg kunne sjå havet, fjella og bølgjene som braut mot Mørkvedodden sjølv om klokka var ni om kvelden. Ungane sov og det var stille i huset. Eg gynga roleg fram og tilbake medan tankane bølgja stille rundt i hovudet. Eg lente hovudet bakover og kvilte nakken og kroppen på den lange bua gyngestolryggen. Eg kjende meg roleg og det var godt å leva.

I den stille kveldstimen kunne eg sjå meg sjølv i framtida, som ei gamal kvinne med større ro og meir merksemd enn eg har i dag. Då forstod eg bodskapen om «mindfullness» som tante Jorunn hadde formidla på mitt eige språk, med orda som høyrer heime i den sparsommelege småbrukarkulturen til forfedrane mine.

Det er forskjellig for alle.

Livet blir som det blir

«Det er forskjellig for alle. Men eg kan ikkje klaga, eg som er såpass når eg er så gamal. Eg har hovudet og eg greier meg sjølv». Eg høyrer tante Jorunn sine ord i hjarta, og det er til trøyst når livet ikkje blir heilt som eg hadde trudd.

Illustrasjonsfoto: Helga Eggebø

3 thoughts on “Det eg fekk”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content